Frå skuleåret 2028/2029 vert reglane for inntak til høgare utdanning endra. Dei viktigaste endringane er:
- Øvre aldersgrense for førstegangsvitnemålskvota vert endra frå 21 til 23 år, og storleiken på kvota vert endra fra 50 til 65 prosent.
- Tilleggspoeng for realfag vert halvert, frå max fire til max to poeng.
- Tilleggspoeng for militær førstegangstjeneste og siviltjeneste vert halvert, frå to til eitt poeng.
- Tilleggspoeng for aldar, høgare utdanning, fagskule og folkehøgskule vert avvikla.
- Tilleggspoeng i framandspråk og naturbruk vert avvikla.
- Universiteta får auke moglegheit til å innføre ulike former for opptaksprøvar.
For meir info, sjå HER.
Det har òg vore framlegg om å slå saman realfag og språk-samfunnsfag-økonomi-faga, men hausten 2026 er det ute eit nytt framlegg der alle dei fem studieførebuande faga kan leggjast om. Forslaget inneber òg at enkelte fag forsvinn eller vert gjort frivillig, slik som andre framandspråk (tysk,spansk, fransk).
For meir info, sjå HER.