Å søke vidaregåande skule

Ein søkjer vidaregåande skule på www.vigo.no. Elevane må logge seg inn med BankID (eller MinID), så dette må alle skaffe seg i løpet av hausten i 10. klasse. Nettsida åpnar i første del av januar. Då kan ein leggje inn ein søknad og så endre den så ofte som ein vil, fram til fristen 1. mars. For elevar som søkjer på særskild grunnlag, er fristen 1. februar. Dersom ein søkjer private skular er fristen den same, men nokre av dei vil at du søkjer på deira heimeside i tillegg.  Her må ein òg sende inn julekarakterskjema. Alle offentlege skular nyttar sommarkarakterane i 10. trinn ved inntak.

Retten til vidaregåande skule er knytt opp til at ein søkjer tre ulike utdanningsprogram. Det er 15 å velje mellom. Ein kan ha opp til tre skuleønske på kvart av dei tre utdannnigsprogramma. Det er viktig å passe på å ikkje velje skule som er for langt vekke, som til dømes i nord-fylket. Ein har ikkje rett til ein spesiell skule eller til bare dei skulane ein set opp.

Døme på ein søknad:

1. Bygg- og anleggsteknikk, Bryne vidaregåande skule
2. Bygg- og anleggsteknikk, Gand vidaregåande skule
3. Bygg- og anleggsteknikk, Godalen vidaregåande skule

4. Helse- og oppvekstfag, Bryne vidaregåande skule
5. Helse- og oppvekstfag, Bergeland vidaregåande skule
6. Helse- og oppvekstfag, Jåttå vidaregåande skule

7. Studiespesialisering, Bryne vidaregåande skule
8. Studiespesialisering, Sandnes vidaregåande skule
9. Studiespesialisering, Hetland vidaregåande skule