SYKKELTURAR
Alle skal ha hjelm. Det skal sykla ein lærar først og ein lærar sist med gul vest. Alle elevane skal sykla på rekke. Elevane skal teljast opp før- under og etter turen. Lærar må ha tilgang til føresette sine telefonnummer.
Avdelingsleiar skal alltid vita kor klassane er.
TURAR VED VATN MED BADING:
Lærar skal ha oppdatert livredningskurs.
Lærar skal ha med kasteline og førstehjelpsutstyr
Det skal merkast opp område for bading.
Det skal vera maks 15 elevar i vatnet samtidig. Det kan vera 15 i vatnet per lærar som har livredningskurs.
VED UNDERVISNING I VATN (LIVREDNINGSKURS UTE):
Same reglane som over gjeld, og det skal alltid vera ein lærar med våtdrakt i/på vatnet.
VED ULUKKE PÅ TUR:
Ved alvorlege situasjonar - ring 113
Ved mindre alvorlege ulukker, ring føresette og leiinga ved skulen
Andre nyttige telefonar er:
Legevakta- 116 117
Giftsentralen 22 59 13 00
Ein av dei vaksne tar seg av den skadde, dei andre tar seg av dei andre elevane.