Olweus antimobbearbeid

" Ein elev er mobba eller plaga når han eller ho gjentekne gonger og over ei viss tid,vert utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar,og han/ho som vert mobba, har vanskar med å forsvare seg." (D. Olweus)   
Skulen er sertifisert Olweus skule, og arbeider etter dette programmet. Det betyr system for førebyggande arbeid, oppdaging av mobbing og tiltak.  
Mobbeprosent dei siste åra (landsgjennomsnitt ungdomsskular er 8-12% mobbing):
 2020  2,2 %
 2021  6,1 %
 2022  4,1 %
 2023  4,1 %
 2024  5,7 %
 2025  6,6 %

Dei siste åra ser me i resultata frå Olweusundersøkinga at seksuell mobbing og trakassering går igjen på alle trinna. 
Mobbing er kjenneteikna ved:
- aggressiv eller "vondsinna" åtferd
- som vert gjenteke over ei viss tid
- ofte prega av fysisk eller psykisk ubalanse i maktforholdet mellom den som blir mobba og den/dei som mobbar.

 

Systematisk arbeid med opplæringslova §12

I Opplæringslova §12-2 vert det lagt stor vekt på eleven sitt krav på eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.  
Det vert understreka at skulen aktivt og systematisk må arbeide for å fremje dette og sørge for at eleven kan oppleva tryggleik og det å høyra til sosialt. 
I 2003 innførte Time kommune Olweus sitt kjerneprogram mot mobbing og antisosial åtferd i alle skulane i kommunen og som skule er me forplikta til å gjennomføra programmet på alle nivå. Dette gir viktige føringar for korleis me skal arbeida mot mobbing på Bryne ungdomsskule.  
Tilsette, elevar og føresette samarbeider systematisk for at Bryne ungdomsskule skal vera ein mobbefri skule .  
Me aksepterer ikkje mobbing og antisosial åtferd på vår skule og arbeider aktivt for å hindre at mobbing skal skje. Ingen skal bli mobba på Bryne ungdomsskule! 

Skulane er pålagde å ha internkontroll jf Opplæringslova §12-4, og me har difor utarbeidd ein kvalitetsplan (sjå vedlegg nedst på sida). Fundamentet i dette arbeidet er  Oppæringslova § 12, Olweus-programmet og System for Kvalitetssikring av Olweus-programmet. Systemet har hovudfokus på  Olweus-programmet og Olweus-standard. Det er utvikla prosedyrar for kritiske situasjonar der mobbing skjer, og der det er mistanke om mobbing. 
I tillegg er skulen sitt planlagde og systematiske arbeid dokumentert i sjekklister, referat, skjema og prosedyrar. Alt som skjer blir skriftleg dokumentert. For handtering av avvik er det òg klare rutinar, og det vert dokumentert kva som vert gjort for å rette opp avvik. 
Kvart år har me saman med ein Olweusinstruktør i kommunen, ein gjennomgang av kvalitetssikringssystemet for å fastslå om aktivitetar og praksis stemmer med det som er planlagt. 
Denne kvalitetsrevisjonen dannar grunnlaget for vår sertifisering som Olweus-skule.