Å ta heile eller delar av vidaregåande skule i utlandet er ein spennande sjanse til å lære eit nytt språk, bli kjent med ein ny kultur og få vener for livet. Det finst fleire måtar å gjere dette på. Det mest vanlege er å reise på utveksling i VG2. Då bur du ofte hos ein vertsfamilie og går på ein lokal skule i eit anna land. For at året skal bli godkjent slik at du kan byrje rett i VG3 når du kjem heim, må du gå på eit studieførebuande utdanningsprogram. Det er lurt å sjekke kva fag du treng med rådgjevaren på vgs. Snakk med ho/han i starten av Vg1.
Eit anna alternativ er å gå på ein av dei 18 United World Colleges (UWC) som finst rundt om i verda. Her bur du på ein internasjonal kostskule saman med ungdommar frå over 150 land. Du kan også velje å gå på den norske skulen i land som Spania, Frankrike eller England.
Det kostar pengar å reise ut, men den gode nyheita er at du kan få støtte frå Lånekassen til både skulepengar og reise. Organisasjonar som ANSA kan også hjelpe deg med informasjon.
Å bu i eit anna land gjer deg meir sjølvstendig og tøffare. Det er ei oppleving som kan endre framtida di!
Sjekk ut aktuelle nettstader:
- Ei god side som forklarer det meste om utveksling: Utdanning.no.
- Info og lenker om utveksling hjå ANSA.
- Liste med lenker til godkjendte utvekslingsorganisasjonar: HK-dir.
- Ein litt gamal (2021) men interessant og god artikkel med lenker på ung.no.
Desse sidene seier mykje av det same, så dei er noko overlappande.