Publisert: 16. oktober 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim
Vekeinformasjon v. 43-44
Leseprosjekt
Erling Braut Haaland har utfordra alle elevane til å lesa mykje i ein konkurranse, der premien er tur til Oslo på landskamp. Informasjon til foreldra og reglar for konkurransen kjem i eit eige skriv. Me legg til rette for lesing på skulen, men me oppfordrar elevane til å lesa mykje heime i tillegg. Me håper føresette og vil vera med å motivera elevane til å lesa, og då er beste oppskrifta for det å lesa sjølv og hjelpa elevane med å låna spennande bøker.
Danseprosjekt
Me har fått prosjektmidler og har starta eit spennande danseprosjekt. Me skal ha “Ska me dansa”, der elevane får opplæring i swing og salsa av ein profesjonell dansar. Alle elevane er med i opplæringa som er ein del av gym- og musikktimane. Dei som ynskjer kan vera med å konkurrera, der dei beste dansarar i kvar klasse får delta i ein finale på Vardheia ungdomsskule rett før jul. Lye ungdomsskule skal og vera med i prosjektet.
Elev- og utviklingssamtale
Kontaktlærarane har starta med elevsamtalar, og det er sett av tid til å ha utviklingssamtalane i veke 45-48. Innkalling vil bli sendt ut.