Publisert: 15. august 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Iselin Gjære Lothe
Første skuledag på Bryne ungdomsskule
Me ønsker alle elevane vel møtt til skulestart på Bryne ungdomsskule torsdag 14.august.
9. og 10.trinn møter kl. 8.00 i klasserommet sitt.
8.trinn møter i skulegarden ved leikeapparata kl. 8.00. Der møter dei kontaktlærarane sine som følger dei inn i klasserommet. Dei to første timane er sett av til å bli kjent og litt praktiske gjeremål. Så følger me timeplanen frå 3.time og ut dagen. Skuledagen er slutt kl 14.10.
Alle må hugsa matpakke og drikkeflaske. Kantina åpnar ikkje før måndag 18.august. Minner om at ein berre kan betala med kantinekort frå i år av, me tar ikkje i mot kontantar lenger. 8.trinn og andre nye elevar får utdelt kantinekort første skuledag.
Og så minner me om at mobiltelefonar helst skal ligga att heime, eller leverast i mobilhotellet til klassen.