Meny
Velg seksjon Framside
Vedlegg
Engelsvollvegen 91 4353 KLEPP STASJON
Telefon: 51786500 Send e-post til oss
Redaktør: Linda Refvik
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skuledrikke og skulefrukt

Skuledrikke

Gå inn på www.skolemelk.no for å bestilla mjølk eller andre drikkeprodukt. Sjå vedlegg for meir informasjon.

Skulefrukt

Gå inn på www.skolefrukt.no for å bestilla frukt.

 

Litt informasjon frå www.skolefrukt.no:

Kva får elevane?

Elevane får delt ut ei frisk frukt eller grønsak på skulen. Det kan vere eple, pære, appelsin, banan, minigulrøter, kiwi, nektarin eller klementin, avhengig av sesong. Leverandørane har forplikta seg til å levere ulike frukter/grønsaker i løpet av ei veke. I tillegg til standard sortimentet nemnt over vil det i løpet av eit semester kunne bli levert til dømes plommer, bær og druer.

Slik fungerer det:

Ved ei foreldrebetalt ordning blir eit abonnement teikna for anten 1⁄2 år eller 1 år om gongen. Elevane får ei frisk frukt eller grønsak kvar dag. Dette kan vere eple, pære, appelsin, banan, gulrot, kiwi, nektarin eller klementin, avhengig av sesong. Tilbodet kostar føresette kroner 3,80 (frå august 2022) per dag eleven får frukt, og blir subsidiert av det offentlege med kr 1,60 per frukt/grønt. Føresette betaler berre for dei dagane skulen har bestemt at det skal delast ut frukt/grønt og frå startdatoen på abonnementet til eleven.