Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Vedlegg
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Leksehjelp

Leksehjelpa på Frøyland skule er eit tilbod du kan få dersom du går på 5., 6. eller 7.trinn. Lekser er ikkje innlæring av nytt stoff, men øving og repetering av det du allereie har lært.

Me starta opp eit nytt tilbod i fjor med leksehjelp om morgonen, saman med gratis frukost. Dette ønskjer me å videreføre.

Leksetilbodet vert på:    Tysdagar kl.07.30-08.30  Torsdagar kl.07.30-08.30

Du som elev kan søka leksetilbod dersom du meiner at du treng det, og kan ha nytta av det. Skulen set begrensing på kor mange som får vera med, og det er skulen som vèl ut kven som får tilbodet. Det vil vera ein vaksen tilstades på kvar gruppe.

Leksehjelpa for skuleåret 2022-23 startar opp tysdag 13. september og varar ein time kvar gong. Eit av kriteria er at du er motivert for slik hjelp.

        

Kriterium for leksehjelp

Eg skal ha alt av utstyr klart før eg sett meg. 

Eg arbeider kun med lekser og skulearbeid.

Eg rekkjer opp handa dersom eg lurar på noko.

Eg gjer mitt beste:)