Meny
Velg trinn eller SFO For tilsette

No er det mørketid og tid for å bruka refleksvestar, refleks i jakkar og på hjelmar, Husk og lys på syklar og sparkesyklar.

Refleks er den billigste livsforsikringen du kan ha!

Les meir om refleksbruk : Trygg trafikk


Ny opplæringslov vart vedteken 09.06.23 og skal tre i kraft med verknad frå 01.08.24. Ei av lovendringane er at elevane på 8.- 10. trinn sjølve kan velja kva målform dei vil ha som hovudmål.

Hovudmålforma i Time kommune er nynorsk. Dette medfører at elevar som hausten 2024 skal byrja på ungdomstrinnet, må velja om dei heller ønsker bokmål som hovudmål. Dersom det er 10 eller fleire elevar på eitt trinn på ein ungdomsskule som vel bokmål, har dei rett til å gå i eiga gruppe. Dersom det er færre enn 10 elevar, men det er 10 eller fleire elevar på tvers av ungdomsskulane som vel dette, kan kommunen vedta kva skule som skal oppretta bokmålsgruppe. Dette kan medføra at elevar som ønsker bokmål, må gå på ein annan skule enn nærskulen.

I Time kommune kan elevar som skal starta på 8. trinn velja ein annan skule enn nærskulen. Som del av fordeling av ressursar til skulane, er det behov for å få ei oversikt over elevtal og kva målform elevane vel på den enkelte ungdomsskulen. Frist for å velja anna skule enn nærskulen er 01.12.23. Frist for å velja målform er 15.12.23.

Ved hjelp av føresette vel elevar som skal starta på 8. trinn kva målform dei ønsker som hovudmål på ungdomstrinnet, ved å nytta eige skjema. Lenke til skjemaet blir sendt ut i melding og e- post i appen Visma Flyt Skule. 

Lenke til ny opplæringslov 

§ 3-1.Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen 

Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§3-23-33-4 eller 3-6.

Elevar på 1. til 7. trinn skal i det skriftlege arbeidet bruke det skriftspråket som kommunen har vedtatt som hovudmål for skolen. Foreldra til elevane vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.

Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. Går ti eller fleire av desse elevane på den same skolen, har dei rett til å få opplæringa der. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.

Dersom skolestrukturen i kommunen gjer at elevar må overførast til ein skole med eit anna hovudmål enn elevane hadde på 1. til 4. trinn, har dei rett til å bruke og å få opplæring på det hovudmålet dei hadde. Dei har rett til opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, same kor mange dei er. 


Det vert foreldrekontaktmøte og FAU møte torsdag 07.09. kl 18.00 -20.00. 

Aulaen i c bygget


2. mai 2023 blir Visma "Hjemmeweb" erstatta med "Foresattportal". Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside. 

 

 


Grunna den nasjonale kraftsituasjonen og energikrisa i Europa, tek Time kommune grep for å halde kommunen sitt eige energiforbruk nede.

Eit av tiltaka er senking av temperaturen i kontorbygg, idrettshallar, skular og barnehagar. Det vil verta individuelle tilpassingar, men jamt over vil temperaturen i klasserom og andre opphaldsrom senkast frå 22 til 20°C.

I barnehagar vert det differensiert på rom for småbarn og eldre barn. Temperaturen skal ikkje ned på småbarnsavdelingar. Der det er praktisk mogleg vil temperaturen igangareal bli redusert noko meir. Sjølv om temperaturen vert redusert, skal den framleis vera i tråd med Helsedirektoratet sine anbefalingar for temperatur i opphaldsrom for skule og barnehagar.

Anbefalinga er at temperaturen bør ligga på 20-24°C gradar om vinteren. Barn er forskjellige og nokon frys lettare enn andre. For å sikra at ditt barn ikkje blir kaldt, anbefaler me å ha med ekstra klede på skulen/i barnehagen i tida framover, slik at barnet har moglegheita til å kle på seg ved behov.

Me minner også om at alle bør ha innesko/tøflar. Me kjem til å snakka med elevane/barna om dette på skulen/i barnehagen, men det er flott om de også tek ein prat med eigne barn om viktigheita av å ha på seg nok klede for ikkje å frysa. Arbeidet med å senka temperaturen i skular og barnehagar startar måndag 24. oktober.

Du kan lesa meir om andre tiltak som Time kommune gjer for å spara straum på kommunen si nettside: Grep for straumsparing 


Dersom ein elev har fått knust/øydelagt iPaden må du klikke på bildet av iPaden (høgre side)og svare på forms skjemaet før du leverer iPaden inn til reparasjon.

Nå er det mogleg å bestilla skulemjølk eller annan drikke  for skuleåret 2022 - 2023.

Under vedlegg til høgre finn de meir informasjon