Meny
Velg trinn Framside
8. trinn
9. trinn
Hovedadresse Havnevegen 51 5918 Frekhaug Telefon: 56 17 14 00 Send e-post til oss
Postadresse Postboks 79 5906 Frekhaug
Redaktør: Sara Osen Bøe
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Fokusveke

FOKUSVEKE

Tema: Vennskap

I veke 17 vil vi arrangere fokusveke med temaet vennskap. Vennskap og trivsel er noke vi jobbar med heile året, men denne veka vil vi ha eit ekstra fokus på dette.Vi skal gjere kjekke ting som skal fremje inkludering, skape nye vennskap og styrke gamalt vennskap blant elevane.


Måndag startar vi opp med kick-off klokka 12.15 ute på fotballbanen. Der får vi tale og gode ord frå rektor og elevrådsleiar, appell frå elevrådsrepresentantar, innslag frå MOT- coachane, felles dans og leik.

Onsdag vil vi ha grupper på tvers av trinna. Dette blir ein sosial dag med leik og moro.

Vi avsluttar fredag med aktivitetsdag. Elevane får vere med å velje kva dei vil delta på. Det blir blant anna fotballturnering og ulike aktivitetar. Vi avsluttar dagen med alle elevane på Meland Aktiv.

Vi ser fram til ein annleis veke med ekstra fokus på trivsel, vennskap og inkludering!

Beste helsing
frå alle tilsette ved Meland ungdomsskule.