Meny
Velg seksjon Forside
Vi har nye websider på -> www.nped.no skoler, barnehager og høyere utdanning.
Telefon: 90978912 Send oss e-post
Redaktør: Ole Christian Wold Haavik
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Spel & koding

Interessa for bruk av spel i læring er stadig aukande og mange har gjort erfaringar med bruk av “vanlege”, ikkje-pedagogiske spel i skulen. Mange skular har også starta med programmering, enten gjennom mindre prosjekt som "Kodetimen" eller som ein del av pensum i valgfaget "Teknologi i skulen". Vi forsøker å samle ein del ressursar som kan gi inspirasjon og informasjon om spel og koding i læring.

Spel i utdanning
Wikien http://spillbasert-laring.wikispaces.com/ har ressursar frå eit kurs på 10 studiepoeng i spelbasert læring, gjennomført ved Høgskulane i Hedmark, Nesna og Nord-Trøndelag i 2013-14. Ressursane ligg åpent tilgjengeleg for alle som er interesserte. Studiet skal gjennomførast på nytt ved HiNT våren 2016.

Gammal dame er vond å venda
Det kan av og til være en bøyg for mange å sette i gang med spel i skulen. Heldigvis er det en del som vinn over den innebygde "frykten" sin, og kastar seg ut i det. Hvis du treng litt inspirasjon, ta ein kikk på denne artikkelen, "Gammal dame er vond å venda – men det går!"

Spel som inspirasjon til skriving
Espen er lærar på Grinde barneskule i Tysvær og har laga, prøvd ut og delt undervisningsopplegg der han brukar ikkje-pedagogiske spel som inspirasjon til tekstskaping. På bloggen hans kan du finne fleire andre gode tverrfaglege opplegg i tillegg til innlegg om koding. 

"Lær kidsa koding!"
Nettverket "Lær Kidsa Koding" og eldsjeler i tilknyting til dette nettverket har mykje av æra for at programmering i skulen har fått relativ rask spreiing. Nettsidene deira er ein viktig ressurs for alle som vil jobbe med koding, enten det er i skulen eller på fritida i form av kodeklubbar. Her finn du informasjon om nettverk og lærarkurs, i tillegg til ideear og ressursar til opplegg du kan gjennomføre på eigen skule.

Temakonferanse om dataspel og koding i skulen
IKT-senteret arrangerer i samarbeid med Nordahl Grieg videregående skole ein temakonferanse om koding og dataspel i skulen. Du finn meir informasjon om denne konferansen her

 

Tips oss gjerne om gode bloggar eller andre nyttige ressursar som omhandlar spel og koding i skulen!