Meny
Velg seksjon Barnehagen
Eidevegen 2-4 4187 Ombo
Telefon: 51 71 20 80 Faks: Bhg mobil : 47 79 29 32 Send e-post til oss
Redaktør: Hanna Skartveit
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Ei ny veke er snart over. Ei veke med flott vårvær og me bruker store delar av dagane våre ute. Denne veka har me jobba mykje i grupper, der me har malt på melkekartongar som skal bli til hus, me skal lage kardemomme - by på avdelinga. Det er ein spennande prosess, der me har funne bilder i kardemomme-by boka for å kunne sjå korleis dei ulike husa ser ut. Me er i ein spennande prosess med å bygge byen. 

Me les og dramatiserer fra Kardemomme - by boka i samling, syng sanger til og nokre dagar før lunch høyrer me og frå boka på lydbok. 

Ute har me hatt ein utrolig god leik i sandkassen der det konstrueres både anlegsvegar og gardar rundt om. Dyra er komt ut og den 1 slåtten er tatt slik at dei skal ha gras å ete på. 

Sjekk hyller for skiftetøy, lurt å ha ein caps/solhatt nå når det går mot varmere vær og sommer. 

 


Ei ny veke er snart over og me bruker uteområdet vårt flittig. me går ofte ut rett etter samlingstund og er ute til me skal ete lunch. Leiken ute er variert og me tar med oss leiker som er inne ut. Noen ganger for å tilføre en allerede eksisterende lek nye impuleser, men og ffor at me kan leike både inne og ute med dei same leikene. 

I samlingsstund leser me for tida folk og røvere i kardemomme by, og synger sanger frå boka. Me høyrer den og på lydbok innimellom. Til sommeravsluttningen 19 juni,skal skulen ha ein forestilling om kardemomme by, me i barnehagen skal være med, litt uvisst kor mykje enda, da det er heilt i starten av planlegginga. 

Neste torsdag 25 skal me reise på tur saman med Fogn, turen går til vitensenteret. Det er dei 4 eldste som reiser denne dagen, lapp med info er lagt i hylla. 

Henger opp lapp om foreldresamtalar i garderoben, setter av torsdag 2 mai til samtaler. Skriv dykk opp på den tida det kan passe. 

6 mai får me eit nytt barn i barnehagen, det gledar me oss til.

Minnar også om felles foreldremøte 6 mai, på oppvkstsenteret der "barnevakten" kjem og skal ha om nettvett og mediebruk. 


Måndag 6. mai kl. 17.00-19.00 blir det foreldremøte for barnehage og skule med tema nettvett.

Ein god start etter påskeferien. Nå blir det lysare og varmare i været, som betyr at me i barnehagen vil være meir og meir ute i løpet av dagen. Me går ofte ut rett etter samlingstund, og flytter inneaktivitetene våre ut. Delar oss i grupper og har ulike planlagte gruppeaktiviteter. 

Det spirer godt i det som blei sådd tidligere, og me følger titt og ofte med på dei og korleis dei utvikler seg frå veke til veke.

Solkremen er framme, me kjøper inn solkrem i barnehagen, Nivea faktor 30. Treng barnet ditt ein anna solkrem, må denne tas med sjølv. Caps, solhatt evt solbriller kan være lurt å ha tilgjengelig i barnehagen nå.

Ønsker alle ei fin veke