Meny
Velg seksjon Framside
Eidevegen 2-4 4187 Ombo
Telefon: 51 71 20 80 Faks: Bhg mobil : 47 79 29 32 Send e-post til oss
Redaktør: Hanna Skartveit
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Tysdag etter påskeferien, 2. april, er det planleggingsdag for barnehage, skule og SFO. Oppvekstsenteret er då stengt. 

Ønsker alle ein flott påskeferie!


I dag har dei støypt fundamentet til klatreveggen. Endeleg skjer det noko! Den yngste klassen fekk lov å kikke, godt på avstand. 

Fredag 2. februar avspaserer elevar og lærarar på Ombo, og skulen er stengt.

SFO er open heile dagen for dei som har SFO-tilbod, men gi gjerne beskjed om eleven ikkje kjem denne dagen. 


Kjære foreldre til våre flotte elevar på Ombo,

Eg blir veldig veldig glad om de kan ta dykk litt tid til å svare på foreldreundersøkinga! Eg veit at det kan vere irriterande å svare på slikt og at det lett tar litt tid. Eg veit at spørsmåla ikkje alltid passar til det ein kan ha lyst til å seie. Eg veit at folk har det litt ekstra travelt nå før jul. Og eg veit at det er i overkant mykje å be om at de skal svare separat for kvart barn.

Men, for oss på skulen er det av stor verdi å sjå desse svara og få ei anonym tilbakemelding frå dykk. Og for at vi skal få sjå dei må fleire svare. Ein del har gjort det, men dei fleste har ikkje.

Så, gled ein rektor i dag og svar på undersøkinga! Om nokon ikkje har mottatt denne på e-post, gi meg beskjed. I nokre tilfelle har kun ein av foreldra fått e-post. Om de har fleire barn i skulen har eg fordelt det litt. 

Gledar meg til å høyre frå dykk!  Siste frist for å svare er 20. desember.

Mvh. Hanna