Ombo oppvekstsenter består av skule, barnehage og SFO.
Barnehage
I august 25 var det 12 barn i barnehagen, 2 pedagogiske leiarar og 4 assistentar. Meir informasjon om barnehagen finn du på barnehagen si heimeside.
SFO
Me har tilbod om SFO for alle elevar i 1.-4. trinn. For å sikre at det er eit godt tibod for dei som ynskjer å nytte dette så er det tett samarbeid mellom SFO og barnehage. Dette sikrar at det er personell, og det sikrar at dei som nyttar SFO har tilgong til eit større fellesskap.
Skulen
I skulen er me delt inn i fådelte klassar. Skuleåret 2025/2026 har med 19 elevar fordelt på to klassar. Desse klassane har kvar sin kontaktlærar, som underviser klassane i mange av faga. Dei minste er delte i basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
Me samarbeidar mykje på tvers av trinn. Me ser at elevane våre trivs i lag og har eit enda større læreutbytte i større grupper i nokre fag, medan andre fag deler me dei inn i mindre grupper. Me prøver likevel å skille mellom småskulen og mellomtrinnet. På Ombo er det mellom anna lang tradisjon for stasjonsundervisning der alle elevane på skulen deltar saman. Dette er fast ukentleg aktivitet som me opplever som kjekt og lærerikt. I skulen er det 2 lærarar og 1
skuleassistent. I tillegg har også avdelingsleiar noko undervisning.
Nærområde
Oppvekstsenteret
ligg nær ferje- og hurtigbåtkaien på Eidssund, som knyt oss saman med dei andre
øyane i Ryfylke. Vi ligg vakkert til, med fjell, skog, sjø og vilt dyreliv
rundt oss. Oppvekstsenteret har eit flott, oppdatert uteområde, som legg til rette for gode og kjekke aktiviteter, både i barnehagen og skulen.