Meny
Velg seksjon Framside
Eidsund 4187 Ombo
Telefon: 51 71 20 80 Send e-post til oss
Redaktør: Ingebjørg Bjørklund Vignes
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2018><<
oktober 2018
mtotfls
24252627282930
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304

Etter ei heil veke fri var det kjekt å kome på skulen igjen. I morgonsamlinga var det alt   regnet, som kom ned på søndag, som var det store temaet. Regnmålaren på skulen var full og vel så det. Vi gissa på at det hadde kome meir enn 100 millimeter det siste døgnet.

Nå, etter haustferien, er det nokre endringar på timeplanen.

Tysdagen er 1 time kortare resten av skuleåret og er nå slutt kl 13.10.

Elevane i 4. klasse skal har "Mat og helse" kvar tysdag i 2.-4. time fram til juleferie og i denne tida skal alle på Oppvekstsenteret ete saman ute i Kantina på tysdagane. Av og til har kanskje også 4. klassingane laga noko på kjøkkenet som me andre får smake på denne dagen.

Me gler oss til felles måltid ca. kl 11.00 på tysdagane.

På måndagane har elevane gymnastikk i 6. time og nå startar me med gymnastikk inne. Då skal elevane skifte til gymklede og dei skal dusje etterpå.

For  dei yngste elevane kan det vere lurt å tenkje påkledning på denne dagen, mange knappar og glidelåsar kan for bli ei utfordring når vi har tidspress på oss...

Måndag 22.oktober  klokka 15.00 til 16.30 er alle velkomne på aksjonsdag på Oppvekstsenteret. Pengane me samlar inn, skal  me sende til TV- aksjonen som er på søndag 21. oktober.


Velkommen til felles foreldremøte for barnehage og skule

ved Ombo oppvekstsenter!

 


Det er desverre kommet 2 ulike meldingar om skyss heim etter kongeparken i dag. 

Riktig informasjon er:

Foreldre MÅ organisere henting på Eidssund kaien sjølv  kl 1740. Har du problem med dette må du ta kontakt med skulen (91720207)

NB På Torsdag slutter elevane kl 12:00 for heile skulen. Bussen går heim etter skulen. 

 


Gå inn på skolelyst.no for å sjå kva slags produkt skulen din tilbyr. Logg inn på skolelyst.no med mobilnummeret ditt og legg raskt og enkelt inn bestillinga di. 1) Registrer barn 2) Vel produkt 3) Betal (betal med kort og få eit månadleg trekk om du ønskjer) Er det første gongen du bestiller, registrer deg som føresett før du legg til barn og vel produkt.