Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Gå til Its Learning
P for Politi

I dag har 1.trinn arbeida med bokstaven P. Resultatet av det blei eit fantastisk besøk av en patruljebil med 3 politimenn til stor stas for elevane.

I dagens norsk økt arbeida me med bokstaven P. Me spora bokstaven, stor og liten, me leita etter bokstaven i ulike bobler og spora ein pingvin etter alfabetet. Ivrige elever arbeida bra med oppgåvene då det plutseleg banka på døra. Inn spaserte 3 politimenn. Elevane blei stumme av undring, samtidig sprekkeferdige etter å forteljakva dei visste om politiet.

Politimennene tok runden rundt i klasserommet og såg korleis elevane hadde skrevet stor og liten P bokstav. Dei var imponerte og sa at dette klarte dei godt. 

Politimennene fortalte så kva dei hette. Den fyrste politimannen sa han heitte noko på A, han hette Asgeir. Han siste sa at hans navn begynte på T og at navnet var Torbjørn. Når han sa han heitte Torbjørn kom det fra ein elev: «me kjenne Torbjørn Egner, han hette og Torbjørn»

Polititet spurte elevane kva dei trudde at dei gjorde som politi. Elevane svara med ein gong at «dokke fange tyvar». Me fekk snakka  om at politiet hjelper folk, dei er med og leitar etter folk som blir borte, dei hjelper til ved ulykker og dei passar på at ingen gjer ulovlege ting, og av og til fangar dei faktisk tjuvar.

Politiet visa så noko av utstyret dei hadde på seg. Dei hadde walkietalkie slik at dei kunne snakka saman viss tjuvane sprang kvar sin veg, dei hadde en liten boks med noko som begynner på P, nemlig pepperspray, dei hadde lommelykt og ikkje minst hadde dei med seg handjern. To elevar fekk lov til å ta handjern på den eine politiet og låsa han fast til ein pult. Litt skummelt men veldig spennande, dette var jo liksom på ekta. Flaks at politiet hadde med nøkkel, så me fekk låsa opp og han fekk gå.

Tilslutt snakka politiet om refleks, kor viktig det er at dei bruker refleks slik at dei blir sett i mørket. Dette passa ekstra godt nå sidan me har reflekskonkurranse. Politiet hadde også med seg ein refleks til kvar elev.

Me takka for eit magisk besøk av politiet og stima til vindauge for å sjå politibilen som køyrde sakte forbi med blålysene på, kun for oss.

Tusen tusen takk til patruljen som tok seg tid til å koma innom 1.trinn på eit så viktig oppdrag for bokstaven P.

Main Image
Bilete 1 av 14