Meny
Velg seksjon Framside
Artikkel
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
7.trinn har vore på leirskule

Turen gjekk til Knaben i Kvinesdal kommune. Me reiste måndag morgon og kom heime igjen fredag formiddag.
Me reiste saman med 7. klasse frå Tu skula, og me hadde veldig fine og sosiale dagar der me fekk læra og oppleva mykje nytt saman med klassen.
 
På leirskulen fekk me oppleva og læra om:
Knabeins historie, dyreliv på Knaben og verneområda rundt Knaben. Kvifor dei er verna og kva det vil seia at noko er verna.
Me har fått gå mykje på ski, nokon for første gong. Me er imponerte over kor fort dei fekk teken på skigåinga.
Me har feira bursdag, lært om kart og kompas' og å ta seg frami terrenget.
Lært korleis ein burde pakka sekken når ein skal ut på tur.
Me har lært fjellvitreglane og kva dei betyr.
Og me har hatt nokre fine skiturar, nokon lengre enn andre.
 
Elevane reiste heim igjen med mykje ny kunnskap og fine opplevingar.
Main Image
Bilete 1 av 35