Meny
Velg seksjon Framside
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
4. og 5. trinn i Salteskogen

4. og 5. trinn har vore på ein fantastisk tur til Salteskogen i dag. Vêrgudane slo på stortromma og serverte sol og vindstille.
Kan det kallas eit tidleg påskemirakel? Me hadde pakka sekken med egg, og ville koka desse på bålet. Me hadde med løkskal og sylta rødbeter for å farga egga. Me hadde gode hjelpara i elevane til å laga opptenningsved. Me fekk forska på kva som skjedde når me heiv på gras som var vått og gras som var tørt. Elevane brukte dagen på leik i skog, spikking med kniv, saging og trefelling. Me ser at dette gjer stor verdi for gjengen. Det var store smil på heile gjengen. Ann Kristin hadde vore så grei og bakt muffins til heile gjengen.
Me vil fortsette å øve på korleis me skal handtera redskaper i skog. Det var nokre som gløymde seg litt av for dei vart så ivrige. Tusen takk for ein kjempekjekk dag med fantastiske elevar. God helg gode foreldre.
Main Image
Bilete 1 av 52