Meny
Val av side Framside
Besøksadresse: Svilandsveien 211, 4337 Sandnes Postadresse: Postboks 583, 4302 Sandnes Vis på kart
Telefon: SFO: 954 50 036 Send e-post til oss
Redaktør: Tore Lunde
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
NYE REGLAR OM SYKLING TIL SKULEN

Kunnskapsdepartementet har 20. august 2015 fastsett endringar i opplæringslova §12-1. Endringa består i at det no er foreldra som avgjer om elevane får sykle til skulen eller ikkje. Endringa er trådd i kraft.

Paragraf 12-1 fyrste ledd lyder no slik:

«I ordensreglementet for skolen kan det takast inn føresegner som nærmare regulerer trafikktryggleik og andre førebyggjande tiltak. Foreldra avgjer om barna får sykle til skolen eller ikkje»

Sjølv om det no er opp til føresette å avgjere kor tidleg elevane kan sykle til skulen, vel rektor likevel å vise til anbefalingane til Trygg Trafikk:

  • Dette bør elevane kunne før dei får sykle til skulen:       
  • Dei må kunne mestre sykkelen godt, ha god balanse, kunne gje teikn, sjå bakover og stanse    
  • Dei må kunne grunnleggjande trafikkreglar
  • Dei bør ha gått gjennom sykkelopplæring over tid         
  • Dei må ha øvd i trafikken saman med ein vaksen

                                                       Kjelde: Trygg Trafikk

Rektor minner om at syklar og sparkesyklar skal parkerast i sykkelstativet når elevane kjem til skulen.  

 

Reglar for bruk av sykkel, sparkesykkel, rulleskøyter og rullebrett på Sviland skule:     

  • Skulen viser til anbefalingane frå Trygg Trafikk angåande sykling til skulen            
  • Dei som syklar til skulen må bruke hjelm, og sykkelen må vere i føreskriftsmessig stand
  • Når sykkel blir brukt ved skulen sine arrangement, skal elevane bruke hjelm              
  • Syklane skal parkerast i/ ved sykkelstativa, og ein skal ikkje sykle på skulen sitt område så lenge skulen og SFO har ope. Dette gjeld og sparkesykkel og rullebrett.
  • Elevar i SFO kan i nokre tilfelle få løyve til å sykle på skulen sitt område. Det er i så fall dei tilsette på SFO som gjer dette løyvet.