Meny
Val av side Framside
Besøksadresse: Svilandsveien 211, 4337 Sandnes Postadresse: Postboks 583, 4302 Sandnes Vis på kart
Telefon: SFO: 954 50 036 Send e-post til oss
Redaktør: Tore Lunde
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Leksehjelp 2015-2016

Skulen tilbyr leksehjelp for elevane på 5.-7.trinn. Elevane har rett til å delta på leksehjelptilbodet, men det er frivillig å delta.

.

KVA ER LEKSEHJELP?

Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og medverke til utjamning av sosiale forskjellar i opplæringa. Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Leksehjelpen skal gi eleven hjelp med skulearbeidet, men sidan den ikkje er ein del av opplæringa, skal tida i leksehjelpa ikkje nyttast til å gje opplæring etter måla i kunnskapsløftet. Forskrifta om leksehjelp legg til grunn ein vid forståing av omgrepet lekser. Lekser er meir enn dei tradisjonelle heimeoppgåvene som læraren gjer. Lekser skal bli forstått som skulearbeid eleven har behov for å jobbe meir med generelt. Dette skulearbeidet kan det vere både eleven, læraren og leksehjelparen som tek initiativet til. Dei vanlege leksene skal i størst mogeleg grad gjerast heime med tilsyn av foreldre.  

ORGANISERING SKULEÅRET 2015 – 2016

Leksehjelpen er dette skuleåret på tysdagar frå kl. 12.45 – 13.45. Leksehjelpen vil vere i 6. klasserommet. Dei elevane som ønsker leksehjelp og som samstundes går på koret, kan gjere begge delar. Dei tar leksene først, og så gå på koret når Ruth seier dei skal komme. Dei elevane som tar buss heim, kan ta skulebussen som kjem frå Øygard kl. 13.55, og som køyrer både Noredalen og Søredalen.