topLogoSpacer
 

Vestbygd skule

1.  2.  3.  4.  5.  6.  7.  

"Dagen før dagen"
Publisert: 16.05.2012 skrive av: Asle Jermund

picture
 

Dagen før nasjonaldagen kom modulane til nybygget trillande inn på skuleplassen på store lastebilar. Modulane kom med båt frå sørlandet til kaien på Frekhaug. Siste etappen gjekk altså på lastebil dei siste kilometrane til skulen vår. Det vert spennande å følgja utviklinga framover.

Grunnskuleveka 2012
Publisert: 09.05.2012 skrive av: Rektor

Torsdag 24.05.12 kl.18-20 vert det kveldsarrangement på Vestbygd skule i samband med Grunnskuleveka 2012.Dette året blir det lagt opp til ein solidaritetsaksjon der elevane sjølv har laga produkt,aktivitetar og innslag som skal gi inntekter denne kvelden. Pengane går til ein barneheim i Uganda via ein lokal kontaktperson.

Det vil og bli kafe i regi av Foreldreutvalet.

Vi vil be alle merka seg datoen, og me kjem med meir informasjon seinare . Vel møtt! 

Fri onsdag 2.mai
Publisert: 23.04.2012 skrive av: Rektor

 Minner om at onsdag 2.mai er fridag i tillegg til dagane på den offisielle skuleruta.Viser til tidlegare informasjon gitt som ranselpost og som informasjon på denne sida.

Utbygginga
Publisert: 16.04.2012 skrive av: Asle Jermund

picture
 

 Etter ei drøy veke med graving og skyting, har entreprenørane kome godt i gong med grunnarbeidet på skulen.

God påske!
Publisert: 30.03.2012 skrive av: Rektor

Riktig god påske til alle!

Minner om at første skuledag etter påske er onsdag 11.april.

SFO opnar tysdag 10.april. Sjå SFO i venstremargen.

Sjå fleire artiklar >>

 
 
.