Meny
Velg seksjon Klasse 4
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Holmemarka 5 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 42 80 Send e-post til oss
Redaktør: Astrid Marie Kallekleiv, rektor
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
mai
01
2024
Arbeidernes dag
Heile dagen
mai
09
2024
Kristi himmelfartsdag
Heile dagen
mai
10
2024
Planleggingsdag
Heile dagen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
For ein innsats 4.klasse på Vestbygd skule har lagt ned i batterijakta. Til siste dag før påske kom ein med batteri - mange tusen batteri har 4.klasse samla inn. Første veka kom ein tilogmed med ei heilt trillebåre med batteri....Vi har fått max poeng og er på 1.plass - saman med mange andre. Første veka etter påske seier dei kven som har vunne. Vi lever i spenning. Akkurat no - når eg skriv her - har dei gjort alle poengsummar usynlege for oss, slik at vi skal leve i spenning. Vi har vegd mykje, fått erfaring med gram (g) og kilo (kg) og plussa (addert)  store tal. VI har lært ulike ting om miljø og tatt vekesoppdraga på strak arm. Under les meir ..... kan de sjå litt bilete. 

Vi fekk besøk av forfattar Trude Tjensvold.

Denne veka har vi samla inn 180 kg med batteri.Heilt fantastisk. Vi har lært om miljøvern, og EE - avfall. OG kor viktig det er å sortere batteri for seg - OG at det er viktig å tape batteria slik at dei ikkje begynner å brenne. 
Denne veka skulle vi lage kunstverk av batteria (før vi leverte dei inn) Vi laga sju kunstverk, det som fekk flest stemmer sendte vi inn til batterijakt konkurransen. Det var ikkje dette de ser her som vann, sjølv om det og var fint - les/sjå meir under les meir... så ser de kva kunstverk som vann. 

I Kunst og Handverk har vi laga geometriske dyr og samiske brosjer. 

I dag, 14.februar feira vi at vi er ulike og fargerike - og at det er bra!
Vi gjekk i fargerike klede, hadde sangsamling med songar om det å vere fargerik og glade, laga "fargebrøkar", laga kort til kvarandre med mange positive adjektiv. Vi fekk hjartebollar laga av 6.klasse, hadde ballongleik og fargerike gymnastikkbånd. 
Sjå fleire bilete under  les meir...

Av ulike tredimensjonale esker har 4.klasse lage kvart sitt hus. Det blei til slutt ein heil by.