Meny
Velg trinn/seksjon 9. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Turar veke 24
På onsdag deles trinnet i to. Halvparten skal då ha eit rebusløp i nærområdet, medan den andre halvparten reiser på gårsbesøk til Torulv Time. Deretter byter dei. 
På torsdag er det munnleg eksamen for 10.trinn. Då reiser heile trinnet på strandtur. Me skal sykla bort, så alle må ha med sykkel og hjelm. Du må kunna trø på sykkelen du skal sykla på. Ta med nok mat og drikke og klede etter vêret. 

Tinghaugløpet
Tradisjon tru er det Tinghaugløpet i 5 og 6 tima på fredag i veke 24. Ta med løpeklede og gode sko. 

Prøvemunnleg veke 25
Mandag til onsdag skal 9.trinn ha prøvemuntlig. Dette er først og fremst for å gi elevene mulighet til å trene på denne vurderingsformen. Den vil likevel kunne telle positivt på karakteren i det faget de kommer opp i. 

Siste skuledag
Siste skuledag møter elevane kl 08 på skulen for å rydda det siste i klasserommet, og flytta inn i dei klasseromma dei skal ha neste år. Deretter skal trinnet ned på Bryne kino og sjå ein film saman. Vi lærarane på 9.trinn ønskjer alle saman ein riktig god sommarferie!🌞

Anna informasjon
I løpet av dei siste to vekene skal elevane levera inn bøkene. Alle bøker som er delt ut er registrerte på elevane. Om ein ikkje finn bøkene sine forventar me at de leitar godt.


I sommar vil det igjen vera ei rekke tilbod til barn og unge i Time.

Sjå vedlagt liste over datoer for når dei ulike klassane er sett opp til å gå natteravn til hausten. Nye 8. trinn vil få meir informasjon frå Blå Kors på første foreldremøte etter sommaren. 

Kristi himmelfartsdag 
Torsdag 29.mai er Kristi himmelfartsdag, og elevane har fri. Dei har også fri fredag 30.mai. 

Fagdag UTV 
Torsdag 5.juni skal det igjen vera fagdag i Utdanningsval (UTV). Elevane får høyre tre korte foredrag (25 minutt) om tre sjølvvalde utdanningsprogram frå den vidaregåande skulen. Dette skal vera tre andre utdanningsprogram enn det dei høyrde på i førre fagdag som var i januar. I etterkant av fagdagen skal du leggja inn ønska utdanningsprogram å fordjupa seg i til hausten, når me i veke 39 på nytt skal ha ein Utdanningsval-veke. Likt som i vår, men nå med eit anna utdanningsprogram. 

Helsing oss på 9.trinn 

Bryne ungdomsskule oppmodar alle elevar til å stille i barnetoget på 17. mai for å feire saman med resten av skulen og Bryne.
Det er oppmøte på Bryne stadion kl. 0900. Toget går kl. 0930. Meir informasjon finn de her. 17. mai 2025

Ta med deg flagget og møt opp i finstasen!


17.mai
17.mai fell på ein laurdag i år, men me reknar likevel med eit godt oppmøte på 9.trinn. Fleire av
elevane har konfirmert seg og me håpar dei kjem å viser seg fram i nye dressar, kjolar og
bunader. Det er også 9.trinn som skal bera fane og flagg for skulen i år. Oppmøte er på Bryne
stadion kl 09.00. Hipp hipp hurra for 17.mai!

Besøk av helsesjukepleiar
22.mai kjem helsesjukepleiar på besøk igjen i klassane. Dette er del to av opplegget dei har med
elevane på 9.trinn.

Vurderingar
Det kjem fleire vurderingar no på løpande band. Det er viktig at de følgjer med på vekeplanen og
har kontroll på når dei ulike vurderingane er og når dei ulike skal leverast inn. Ei større vurdering
vil vera tysdag 20.mai. Då skal elevane har terminprøve i matematikk.

Helsing oss på 9.trinn


Foredrag Atea.
Onsdag 9.april kjem Atea og skal ha foredrag for 9.trinn. Dei vil snakke om tryggleik på nett.

Ungdomsmusikal i Storstova.
Velkommen til kultuskolens årlige ungdomsmusikal, "Dronning uten hoff - en gruppeselfie".
Framsyninga skal vere i Storstova og startar kl 12.30.

God påske!
Vi ønskjer alle ein riktig god påskeferie! Håpar de får lada batteria godt. Første skuledag etter
ferien er onsdag 23.april.


Utdanningsval

Frå 24. - 30. april skal elevane på 9.trinn ikkje ha vanleg timeplan, men utdanningsval-veke. Her
skal dei fordjupe seg i eit utdanningsprogram frå den vidaregåande skulen, gjennom
arbeidspraksis, prosjekt, turar og hospitering på vidaregåande skule. Elevane har ulike planar.
Oversikt over dagane finn de under vekeplanen her. Erfaringa vår er at dette er veldig gøy og
lærerik erfaring for elevane, og vi gler oss veldig!

Fri torsdag og fredag veke 18.
Torsdag i veke 18 er 1. mai, og er ein fridag. Elevane har også fri fredag 2.mai.

Helsing oss på 9.trinn


Den kulturelle skulesekken
Den 31. mars kjem det besøk frå DKS. Dei skal ha forestillinga “The Game We Play”, som er ei
parkour- og danseforestilling. Den skal me sjå i gymsalen.

Besøk av helsesøster
3. april kjem helsesjukepleiarar Charlotte og Camilla innom klassane. Dei skal då gjennomføra
første del av eit undervisningsopplegg om seksualitet.

Utviklingssamtalar og varsel
Lærarane vil snart starte opp med utviklingssamtalar. I samband med dette vil det også snart bli
sendt ut eventuelle varsel om manglande vurdering i fag og fare for nedsett karakter i orden og
åtferd.

Helsing oss på 9.trinn


Sjakk9ern 
19.mars skal heile trinnet til Frøyland ungdomsskule og delta på Sjakk9ern. Dette er ein konkurranse der elevane skal spela sjakk, og kvar dei samlar poeng som lag. Me skal sykla frå skulen kl 8, så det er viktig å vera presis. Hugs å sjekk at sykkelen er i god stand kvelden i førevegen, og alle MÅ ha med hjelm.  
Me forventar at alle deltek uansett føresetnader.  
Heia Bryne ungdomsskule! 

Helsing oss på 9.trinn

I 2025 blir Ungdata-undersøkinga gjennomført i Time kommune blant elevar i 8.- 10. klasse. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 13. Målet er å få ei oversikt over korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida. 

Foreldremøte 13.02 
Eg ønskjer å takka alle føresette som møtte opp på foreldremøte torsdag 13.februar. Vi håpar at møte var informativt og nyttig. Både presentasjonen til Erling og Morten blir lagt ut på heimesida. Det er lurt for dei som ikkje hadde høve til å komma å ta ein titt på den. 

Valfag for 10.trinn 
Elevane skal velja valfag for 10.trinn. Det har vorte lagt ut ein link til ein Forms på heimesida som elevane skal svara på. Fristen til å svara er måndag 3.mars. Det er viktig at elevane rangerer ALLE valfaga etter ønskt rekkjefølgje. 

Olweusundersøkinga 
Etter vinterferien skal me gjennomføra Olweusundersøkelsen her på skulen. Her får elevane spørsmål om korleis dei har det på skulen. Me bruker resultata som ein del av anti-mobbearbeidet vårt. 

God vinterferie 
Veke 9 er det vinterferie. Me håpar alle bruker tida godt for å lada batteria. God ferie! 

Helsing oss på 9.trinn 

Til høgre på sida under "Les meir", ligg Rådgjevar Knutzen sin Powerpoint frå foreldremøte 13. februar.

Det blir ulike aktivitetar på Møllekjellaren i vinterferien. Sjå vedlagt info. 

Bryne ungdomsskule er ein Olweusskule, det vil seia at me arbeidar jamnt og trutt med antimobbearbeid etter Olweusprogrammet. 

I veke 10 og 11 vil me gjennomføra ein ny Olweusundersøking på alle trinn.


Årets resultat er klart! Me klarte å samla inn heile 79.045 kr til Hei verden!

Hilsen fra Hei verden:
Tusen takk for flott solidaritetsinnsats for Hei verden. Deres innsats er utrolig viktig for oss, og vil være med på å sikre retten til utdanning for barn som lever i fattigdom i Zambia, Peru og Bangladesh.

Utdanning er nøkkelen til en bedre framtid, og med deres hjelpskal vi bidra til å :
-sikre jenter rett på utdanning
-se til at urfolksbarn får gå på skole og at de får undervisning på sitt eget morsmål
-jobbe for at barn med funksjonsnedsettelse skal få tilrettelagt skolehverdagen slik at di også får en utdanning
-gi lærerne riktig kompetanse og gode arbeidsforhold
-styrke sivilsamfunnet

Vennlig hilsen Hei verden

DKS - SAU 
På måndag skal alle elevane på 9.trinn gå på kino og sjå filmen "SAU". Dette er gjennom Den kulturelle skolesekken. “Sau” handlar om eit småbruk i Nordland som skal skifta til neste generasjon, frå far til dotter. Den handlar om tradisjon og overlevering av kunnskap, om å finna sin eigen veg i nokon andre sitt fotspor, og han handlar om sau. 

Praksisstudentar 
Frå veke 6 vil det vera nokre nye fjes på trinnet. Hege skal ha med seg tre praksisstudentar. Desse vil mellom anna delta i og gjennomføra undervisning på trinnet. Me håpar alle tek godt i mot dei. 

Foreldremøte 
Det skal haldast foreldremøte for 9. trinn torsdag 13. februar. Me byrjar kl 18, og me startar med ein fellesdel i kantina før de skal gå klassevis. Vel møtt! 

Helsing oss på 9.trinn 

Vinterball 
Elevrådet vil ønska alle velkommen til vinterballet torsdag 23.01.25. Det vil vera kafé i kantina etter at alle trinna har fått pizza og brus. I mingleområdet i 3 etasje blir det sett ut spel og me vil også ha oppe bordtennisbord. I gymsalen er det laga til diskotek. 
 
9.trinn skal komma kl 19.10. Då skal dei først kryssa seg av på liste, før dei kan gå inn i kantina og få brus og pizza. Deretter går dei opp i klasserom merket med 9.trinn og legg frå seg jakke og sko. 
 
Det er mogleg å bruka DiggiPay dersom de vil kjøpa noko i kantina etter at maten er ferdig. 

Terminkarakterar 
På måndag 20.01 blir terminkarakterane publiserte for hausten 2024. Dei vil vera tilgjengelege i Visma frå kl 14:10. Det er viktig at elevane les dei skriftlege tilbakemeldingane frå faglærarane. Her får eleven vita korleis dei skal vidareutvikle seg i faget. 

Helsing oss på 9.trinn 

Elevrådet vil ønska alle velkommen til vinterballet 2025!

Under finn du ei oversikt over kva som skjer. Det vil vera kafé i kantina etter at alle trinna har fått pizza og brus. I mingleområdet i 3. etasje blir det sett ut spel og me vil også ha oppe bordtennisbord. I Gymsalen er det laga til diskotek.

Me har eige fotorom fordi me ikkje ønsker at det blir filma og tatt bilder andre stader under ballet.
Vinterballet er alkoholfritt og det vil bli tatt vilkårlege testar med alkometer.
Til slutt vil me minna om at alle har ansvar for at alle skal ha det kjekt på ballet!

Oppmøte for dei ulike trinna ved hovudinngangen: 
18.50 8. trinn 
19.10 9. trinn
19.30 10. trinn

20.00 Velkommen og opning av ballet i gymsalen.
20.30 Kiosk i kantina er open. Fotoshoot i stort møterom i 2. etasje.
21.30 Kåringar i gymsalen
22.30 Takk for i kveld.

Det er mogleg å bruka diggipay dersom de vil kjøpa noko i kantina etter at maten er ferdig.

Vipps 150 kr til 546674

- Merk betaling med vinterball, navn og klasse
- Frist for betaling er 17. januar


Godt nyttår 
Godt nyttår alle saman og velkomne tilbake! Håpar alle har hatt ein fin ferie og har fått lada batteria godt. Me ser fram mot lysare tider ute og håpar de er klare for å gi ein innsats på skulen. 

Tur til Brynehaugen
Måndag 6.januar dreg trinnet og akar på Brynehaugen frå 4-6.t 

Ny lærar på trinnet 
Hilde-Kristin Engelsgjerd starta hjå oss 1. januar. Velkomen til oss! Hilde-Kristin tek over KRLE og engelsk i 9B etter Hilde Jorunn, og skal vera tolærar i alle fire klassane, så ho blir godt kjend med trinnet. Signhild tek forøvrig over engelsk i 9D.  

Fagdag UTV 
16. januar er det fagdag, og me får besøk frå den vidaregåande skulen (vgs). Elevane får høyre tre korte foredrag (25 minutt) om tre sjølvvalde utdanningsprogram frå vgs. Det er 15 utdanningsprogram i vgs, og denne dagen kan dei velje mellom 10 av dei. På neste fagdag (5. juni) kan dei òg velje dei som ikkje er med 16. januar. Rett etter fagdagen skal dei setje opp kva utdanningsprogram dei ønsker å fordjupa seg i når me kjem til utdanningsval-veka i veke 17. Då skal dei hospitera på eit utdanningsprogram på vgs ein heil dag og ut i arbeidspraksis ("arbeidsveka"). Arbeidspraksisplassen skal vera relevant i høve til utdanningsprogrammet dei fordjupar seg i, så dei kan ikkje skaffe seg arbeidspraksisplass før dei har fått tildelt eit utdanningsprogram og fått datoane for arbeidspraksisen. Dette kjem kring 1. februar. 

Terminkarakter 
På grunn av at musikkfaget berre har ein time i veka, vert det ikkje gitt karakter i dette faget før til sommaren.  Når me kjem til 10. trinn, søker elevane vgs med vitnemålskarakterane (sommaren på 10. trinn). Dette gjeld ikkje dei som søker privatskular, som Tryggheim, Akademiet og Wang. Dei må søke med 10.trinn-julekarakterane. Sidan desse ikkje har mat og helse (som vert avslutta på 9. trinn) og musikk, vert desse ført over frå sommarkarakter-skjema frå 9. trinn til julekarakter-skjema for 10. trinn. 

Vinterball veke 4 
Torsdag 23.januar skal me arrangera vinterball! Dette er eit veldig kjekt og samlande arrangement som me håpar alle på 9.trinn vil vera med på. Dei som var med i fjor såg i allfall ut til å kosa seg masse! I samband med dette har foreldrekontaktane fått i oppgåve å skaffa vakter. Her må de berre melda dokke på! 

Helsing oss på 9.trinn 


Me ynskjer elevar og føresette ei god jul og eit godt nyttår!
Takk for godt samarbeid i året som har gått.

Første skuledag etter nyttår er fredag 3.januar.



Ny trinnleiar 
I veke 51 begynner Morten Finsberg som ny trinnleiar på 9.trinn. Han har vore avdelingsleiar på skulen i 3 år, men har hatt foreldrepermisjon denne hausten. Han skal ha 40% permisjon fram til sommaren òg, derfor er han berre på jobb måndag, tysdag og onsdag. Har dokke behov for å kontakta leiinga utanom det kan dokke ta kontakt med rektor. 
 
Temaveke 
Elevrådet arrangerer temaveke i veke 51, der elevar og vaksne skal kle seg ut etter ulike tema kvar dag. Det er frivillig og delta, men me oppfordrer om å vera med. Det blir premie til beste klasse, der premien er klassetur for å spela paddletennis. 
Temadagane er slik: 
Måndag: fotballdrakt 
Tysdag: rosa 
Onsdag: galla (fine klede) 
Torsdag: gender switch 
Fredag: pysj 
 
Leksefri 
Det er leksefri denne veka! Sjekk likevel måla om det er informasjon du må få med deg. 
 
Kantina veke 51 
Det blir ikkje sal av mat i kantina i veke 51 og 1, berre meieriprodukt så lenge me har meir varer igjen. Elevane må ha med seg matpakke desse dagane. 
 
Siste skuledag før jul 
Fredag 20.desember er siste skuledag før juleferien. Skuledagen sluttar til vanleg tid. Det er lov å ha med seg litt ekstra godt i matpakken denne dagen, og ei lita brus (energidrikk er framleis ikkje lov). 
 
Planleggingsdag og første skuledag etter jul 
Lærarane har planleggingsdag 2.januar. Elevane har då fri. Første skuledag etter jul er 3.januar, så det blir ei kort veke. 
 
Fagdag 16. Januar 
På fagdagen skal elevane velje tre utdanningsprogram dei skal få 25 minutt foredrag om. Deretter skal dei setje opp kva utdanningsprogram dei ønskjer å fordjupa seg i når me kjem til utdanningsval-veka i veke 17. Då skal dei mellom anna hospitera på eit utdanningsprogram i vidaregåande skule ein heil dag, i tillegg til arbeidspraksis som er relevant i høve til utdannningsprogrammet dei fordjupar seg i. 
 
Terminslutt 
17.januar er 1.termin slutt, og elevane får halvårsvurdering med og utan karakter.  
 
Me ønsker alle ein god juleferie!  
Helsing oss på 9.trinn 

Hei verden 
Elevane gjorde ein super innsats på innsamlingsaksjonen me hadde i veke 48. Til saman har 8.trinn og 9.trinn samla inn over 52.000 kr. I tillegg kjem pengane som 10.trinn klarer å samla inn på “jobb-ein-dag", så me er spente på kva sluttsummen blir! 

Desember på BUS 
I neste veke startar me opp med juleførebuingar. Me pyntar litt i klasseromma og i kantina og har litt førjulsaktivitetar i nokre av timane. I siste veka før jul er det adventsamling eller julegudsteneste. I tillegg held elevrådet på med å førebu temadagar for heile skulen.  
Valfaga Fysisk aktivitet og helse og Innsats for andre inviterer resten av trinnet til aktivitetsdag 13. desember. Elevane melder seg sjølv på anten aktivitet i Timehallen eller juleverkstad på skulen.  
Me gler oss til ei kjekk førjulstid! 
 
 
Helsing oss på 9.trinn 

Elevbedrift 
Takk til alle som kom på elevbedriftsmessa! Me er stolte av elevane på trinnet som laga ei så flott messe. 

No skal bedriftene avviklast. Dei får eit par veker på seg til å selje ut varelageret sitt. Elevane skal tilbakebetala eventuelle andelar, gjera ferdig rekneskapet sitt og betala skatt. Skattepengane går tilbake til elevane i form av felles aktivitetar. 

Hei verden 
Måndag startar me opp med kick off i aulaen, der ein representant frå Hei verden kjem og informerer om prosjektet. Elevane skal læra om solidaritetsarbeid, Hei verden sitt arbeid og  Zambia som er landet me samlar inn pengar til.  

Bøsseinnsamlinga me skal ha onsdag 27.november kolliderte med ei samling for konfirmantane i kyrkja, så me har flytta tidspunktet for innsamlinga til kl 17.00-18.30. Då vil dei rekke å få med seg begge deler. Oppmøte i trivselsrommet. Elevar som bur på Hognestad har eigen avtale med lærar. 

Ordensreglane 
Me har ein del elevar som forlet skuleområdet i matpausen. Det står i ordensreglementet vårt at elevane skal vere på skulen heile skuledagen. Det er problematisk at elevar forsvinn i løpet av dagen utan at me veit kor dei er, då me har ansvar for dei. Me ber dykk om å ta ein samtale om dette heime. 

Me minner også om at mobiltelefonar enten skal ligga att heime eller leverast i mobilhotellet. Me veit at mange elevar har mobilen liggande i sekken og lar vere å levera den i mobilhotellet. Fleire av dokke har meldt frå om at mobilen ligg heime, så sjekk at det framleis er tilfelle og gje kontaktlærar beskjed dersom avtalen er endra. 

Gudsteneste og adventssamling  
Onsdag 18. desember skal BUS arrangera gudsteneste og adventsamling. Elevane i samråd med føresette kan velga kva for eit arrangement dei vil vera med på. Føresette går inn på Visma, og gjer samtykke til om dei skal vera med på gudsteneste. Svarer ein nei til gudsteneste vil elevane vera med på adventssamling på skulen. Svaret de la inn i fjor er enno gjeldande, inntil de eventuelt endrar det. 

Helsing oss på 9.trinn 


Foreldremøte 9.trinn 
Minner om foreldremøte med Sterk & klar i kantina onsdag 6.november kl 18.00-19.30. 

Utviklingssamtalar 
Dokke får innkalling til utviklingssamtale med kontaktlærar i løpet av november. Eleven skal vera med på samtalen. Det er forventa at dokke på førehand har vore inne på Foreldreportalen i Visma Flyt skole og lese framovermeldingane i dei ulike faga. 

Tannhelse 
Fredag 8.november får me besøk av tannpleiar som skal ha eit undervisningsopplegg om tannhelse. Dette dekker nokre av kompetansemåla i mat og helse. 

Elevundersøkinga 
I dei komande vekene skal me gjennomføra elevundersøkinga på heile skulen. Me bruker svara på undersøkinga til å jobba målretta med skulemiljøet og trivselen til elevane. Det er frivillig å svara på elevundersøkinga, men me ønsker helst at alle deltek, og svarer ærleg og så godt dei kan, slik at me har mest muleg rett informasjon når me skal jobba vidare med dette. 

Elevbedriftsmesse 
Elevane er i full gang med produksjon og sal av varer og tenester i elevbedriftene sine. Onsdag 13.november arrangerer me ei messe i gymsalen kor bedriftene får vist fram produkta sine. Det blir anledning til å kjøpa varer frå dei som har noko att å selje, og det blir prisutdeling frå Ungt Entreprenørskap. Me håper foreldre, søsken og besteforeldre tar turen innom og ser mellom kl 17.00 og 18.30. 

Innsamlingsaksjon Hei verden 
Skulen samlar kvar haust inn pengar til Hei verden sine bistandsprosjekt rundt om i verda, og i år har me valgt å støtta prosjekta dei har i Zambia. 
9.trinn skal ha bøsseinnsamling, og alle elevane på trinnet må halde av onsdag 27.november kl 17:30- ca 19:00. Det er obligatorisk oppmøte, og elevane får avspasera denne tida seinare. Meir informasjon kjem når det nærmar seg. 

Planleggingsdag
Fredag 15.november har skulen planleggingsdag. Elevane har då fri.

Helsing oss på 9.trinn


Iselin Gjære Lothe er tilsett som ny rektor ved Bryne ungdomsskule.

Ho jobbar i dag som avdelingsleiar på 9. trinn ved skulen. Ho har vore tilsett ved skulen sidan april 2020.

Ho er engasjert i skuleutvikling og eleven si læring og gler seg til å ta fatt på jobben som rektor ved BUS allereie frå 1. november.