NRK sin klassequiz-konkurranse
På torsdag reiser 4 elevar inn til NRK sitt studio, der dei skal konkurrera om å bli beste
skule frå Rogaland. Vinn elevane blir det tur til Oslo, der ein får vera med på TVprogrammet “Klassequiz”. Me ynskjer elevane masse lykke til! Radiosendinga startar
klokka 14, og quizen blir direkte som første innslag etter kl 14.30. Følg med på NRK-radia!
Refleks
Elevane fekk utdelt refleksbånd på torsdag, og me håper at alle vil bruka denne kvar dag.
Det er mørkt om morgonen nå, så det er viktig å bli sett i trafikken.
DKS
På tysdag får me besøk av gruppa “Askanu Hip Hop med Babacarr Joof og Ion Barluc”
som skal ha ein hiphop-konsert for oss. DJ Slingshot og B Da Sufi lagar god stemning og
rappar på engelsk, fransk, wollof og norsk. Med energi og humør snakkar dei med
ungdommane om stereotypar, språk, kor dei kjem frå og om å jobba for å nå sitt mål.
UTV
Torsdag i veke 44 reiser ein del jenter til Stavanger på “Jenter og teknologi”. Dette er eit
tilbod gjennom UTV, der dei skal få vera med på ein årleg konferanse for jenter på
ungdomsskular og vidaregåande skular, kor rollemodellar og bedrifter inspirerer og viser
jentene kva for moglegheiter som finnes innan realfag og teknologi. Prosjektet har som
mål å auka kvinneandelen på henholdsvis tekniske yrkesfag, fagskular og høgskular og
universitet.