Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Hovedadresse Kråvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51776510 Send e-post til oss
Postadresse: Time Kommune Postboks38 4349 Bryne
Redaktør: Karen Helene Seppola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Velkommen til Frøyland skule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, samarbeidsutval, SFO og skulehelsetenesta. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

  

Føresette til elevar som skal starte i 1.klasse i august 2025 er velkommen til foreldremøte  torsdag 5.juni kl. 18-19. Møtet er i Aulaen i C-bygget.  

I møtet blir det gitt en del praktisk informasjon knytt til skulestart, SFO og det å vera elev i 1.klasse. Føresette får vite kva klasse barnet skal gå i og kven som er kontaktlærar.

 Det blir og høve til å stille spørsmål.  

På foreldremøte treff de kontaktlærarar og faglærarar for 1.trinn, avdelingsleiar, SFO-leiar og rektor.  

6.juni er det besøksdag for dei nye førsteklassingane.  

Besøksdagen blir organisert i samarbeid med barnehagane. Barnehagane tar med seg elevane på skulen. Besøka er organisert i 3 ulike puljar. Om du har eit barn som ikkje går i barnehage, tar skulen kontakt med deg og avtalar besøkstid.  

På besøksdagen får elevane treffe sin kontaktlærar og klassekameratar, og dei får sjå klasseromma dei skal vera i.   

 

Beste helsing oss på Frøyland skule  


Sommarferien nærmar seg. Fredag 20.juni er siste skuledag for elevane. Vi sluttar til vanleg tid, klokka 13.00. Skulen førebur seg på endingar som kjem ved oppstart av nytt skuleår. Nokre av klassane får ny kontaktlærar, andre held fram som før.  Under finn de ei oversikt over kontaktlærarane på kvart trinn.

Kontaktlærarar skuleåret  25-26

Klasse

Kontaktlærarar

1A

Brit Jorunn S. Enge og Ingvill Tjelta

1B

Anita Vatland

1C

Bente Hinnaland Undheim

2A

Torill Sandsmark og Oda Emilie Husveg

2B

Ann Jeanett Killingland Hana

3A

Mia Haugen Høyland

3B

Berit Stokka

3C

Brita Grastveit Flattum

4A

Alf Georg Tjåland

4B

Kristoffer Bjørknes

5A

Trond Wiggo Bjerkeli

5B

Edel Ødegaard

5C

Ove Nikolaisen

5D

Silje Stubstad Engelsvoll

6A

Ove Hauge, Kristina Hodne Mathiassen

6B

Heidi Kjærland, Kristina Hodne Mathiassen

7A

Torbjørn Stangborli

7B

Eivind Lie

7C

Stine Ree

 

Skulen startar opp igjen torsdag 14.august. Me møtast i skulegarden kl. 08.30.

God sommar!



Program for dagen

07.00   Salutt

07.50   Ord for dagen

08.00   Flaggheising ved Kverneland speidarane og Frøyland skulekorps spelar.

09.00   Oppnøte til barnetog v/baksida av barneskulen.

09.30   Barnetog

Allsang:Ja vi elsker ,Fagert er landet og Gud signe vårt dyre fedreland

Velkomsttale ved leiar av 17.mai komiteen.

Tale ved elevar frå 7. trinn.

11.00-13.00   Leikar og aktivitetar på skulen

13.30   Oppmøte til folketog v/ baksida av barneskulen.

14.00   Folketoget startar


Vi treng gode lærarar på skulen vår. Er du ein av dei?

Frøyland skule har ledig 2 undervisningsstillingar med oppstart 1.august 2025.

Søknadsfrist er 23.04.2025

Frøyland skule er ein 1.-7. skule med omlag 360 elevar og 55 tilsette. Visjonen vår er "Kunnskapsrik og fargerik". Me legg vekt på at elevane skal oppleve både fagleg- og sosial inkludering, og at elevane skal trivast og ha det godt på skulen. I kollegiet legg me vekt på samarbeid og felles ansvar for elevgruppa.

Du finn annonsen og lenkje til søknadsportal på Time kommune si heimeside under ledige stillingar og på Finn.no (401949710).

Siste veka i mars var 15 elevar og 5 vaksne frå Frøyland på utveksling til Dunkerque, heilt nord i Frankrike. Erasmus+ er verda sitt største utdanningsprogram som jobbar for personleg vekst, læring og motivasjon. Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett og gir støtte til mobilitet og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet. Målet med vår tur, var å få innblikk i ein anna kultur og gjennom det byggja respekt og forståing.

Vil du vera med å gjera ein forskjell for barn i kvardagen? 
Er du fagarbeidar, miljøveileder,  eller har anna barnefagleg kompetanse og ønsker å jobbe med ungar i aldersgruppa 6-13 år?  
På Frøyland skule treng me nokre gode nye medarbeidarar frå august 2025.  
I jobben får du samarbeide med kjekke vaksne både i skule og SFO. Du får og jobba med 360 flotte ungar i ulike aldersgrupper. På laget vårt har me ca. 33 lærarar og 14 fagarbeidarar/ miljøveiledarar.  
Hos oss er vi opptatt av at ungane skal oppleve tilhøyre, inkludering og meistring i kvardagen. Me vil ha vaksne som har hjarte for ungane, er engasjerte og profesjonelle i arbeidet.  
I skulen vil jobben mellom anna vera å støtta og rettleia elevar i sosial - og fagleg læring, og hjelpe dei som treng det med praktiske oppgåver. Ei av stillingane vil vera knytt til eit miljøteam som skal etablera skuleåret 25-26. Her vil hovudfokuset vera på skulemiljøet til elevane og ein vil jobbe både førebyggande og operativt på gruppe og individnivå.  
I SFO får du vera med på å gje ungane eit variert og spennande fritidstilbod, legge til rette for leik og sosial samhandling og gode relasjonar.  
Skulen ligg fint til ved Frøylandsvatnet, me har gode leikeareal og undervisningsareal både ute og inne. På SFO har me eigen restaurant og kokk der elevane får mat kvar dag. 
Me har 3 ledige stillingar på 80-85% og 2 stillingar på 40% som barnerettleiar i SFO. Stillingane er faste.  
Stillingsannonsen finn du på Time kommune si heimeside: Ledige stillingar 
Eller på Finn.no, referansenummer 4944039144 
 

Frøyland skule deltok i vinter i ein nasjonal skrivekonkurranse arrangert av ungdomsavisa “Framtida junior”. Tema for konkurransen var framtida. Elevane kunne velja i ulike undertema som klima og miljø, transport, arbeid og skule.   

Elevane på 7.trinn jobba godt og grundig med oppgåvene og det blei mange flotte fortellingar. Trinnet sin gode innsats gjorde at dei vart med heilt til finaleklassen.  

Ein av elevane våre, Emma Trædal Hovde, vann konkurransen med teksten “Kan du tenkja deg ei verd utan natur?”  

Frøyland skule er stolt over innsatsen elevane på 7.trinn har lagt ned i arbeidet med skrivinga, og det er veldig kjekt at me får ein vinnar hos oss.  

Saka er og omtala i Jærbladet.