Frøyland skule ligg vakkert til i naturskjønne omgjevnadar ved Frøylandsvatnet. Me har ein romsleg skulegard der ungane kan leike og utfalda seg. Klasseromma fordeler seg i 3 ulike bygg og SFO har 2 basar, ein for 1.trinn og ein for 2.-4.trinn.
Frøyland skule er ein barneskule med omlag 360 elevar på 1.-7.trinn. Det er 2 eller 3 klassar på kvart trinn. Hovudmålforma er nynorsk, men me har bokmålsklassar på alle trinna. Det er omlag 60 vaksne som jobbar ved skulen.
Visjonen vår er “Fargerik og kunnskapsrik”.
Verdiane våre er at elevane skal vera:
- Trygge på at dei vaksne ser dei og passer på
- Rause ved å inkludera alle og ta vare på kvarandre
- Modige for å stå opp for seg sjølv og hjelpa ein ven