Ki bilde  Helsesjukepleier snakker med elevar

Kva kan du snakke med helsesjukepleiar om?

Kva kan du snakke med helsesjukepleiar om:

Du kan snakke om alt i samtale med helsesjukepleiar. Tema som mange ønsker å snakke om er :

· relasjonar og utfordringar med venner eller familie

· bekymringar, stress og andre vanskelege tankar

· vennskap

· kropp og helse

· pubertet

· forelsking

· identitet

· mobbing

· vald

· vonde opplevingar

· sjukdom/død

Det er sjølvsagt heilt i orden å ta opp andre tema enn dei som er lista opp her.

Ta gjerne kontakt!

 

 

Innhald i skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta samarbeider med skulen om helsefremmande og førebyggande arbeid for å bidra til å sikre elevane eit godt fysisk og psykososialt miljø. Vi ønsker å styrke elevane sin kunnskap om eiga helse og bidra til meistring av kvardagsutfordringar. Helsesjukepleiar deltek i LLE på skulen.

· Alle elevar får tilbod etter eit fast program for skulehelsetenesta Skolehelsetjenesten - Helsenorge Vi har oppgåver på alle trinn i løpet av skuleåret. · Vaksinering etter barnevaksinasjonsprogrammet. Vaksiner til barn - FHI

· Enkeltelevar blir fulgt opp etter behov.

· Me har undervisning og veiledning i grupper og klassar, og deltek på enkelte foreldremøte.

· Skulehelsetenesta er tilgjengeleg for elevane med «open dør/drop-in», ein treng ikkje å ha ein avtale. Elevar på 5. til 7.trinn kan i tillegg bestille time via bestillingslink som ligg på heimesida.

· Føresette og lærarar kan ta kontakt ved behov.

· Samarbeid med andre tenester for å skape et godt lag rundt eleven og deltek på samarbeidsmøter ved behov.