Meny
Velg seksjon Framside
0. trinn
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn
Hågenholen 1 4346 Bryne
Telefon: 51778343 Send e-post til oss
Redaktør: Ingveig Nærland Ødegård
Det er 13 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<august 2025><<
august 2025
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Velkommen til Hognestad skule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, FAU/SU, elevrådet, SFO, skulehelsetenesta, sosiallærar o.a. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

Alle elevar har rett til eit trygt og god skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring.
Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag.

Om de opplever dykkar barn ikkje har det trygt og godt, vil me at de skal gje beskjed til oss på skulen.
Dette gjeld og om de er usikker på om eleven dykkar har det bra på skulen.

De kan gje beskjed ved å:

· ta kontakt med kontaktlærar via app, mail eller på telefon
· ta kontakt med ein i leiinga ved skulen
· ring skulen på telefon 91863721 (rektor)
· trykk på mobbeknappen på skulen si heimeside (Då går ein mail direkte til rektor)

Når skulen har fått beskjed om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, vil me undersøke saka, vera i dialog med eleven og føresette og følgje opp saka. Dette skal me gjera så raskt som mogleg og innan det har gått ei veke.

Om de opplever at me ikkje gjer nok, eller at ting tar for lang tid når de gjer beskjed, kan de klage til Statsforvaltaren i Rogaland. Ved å følgje lenkja under får de informasjon om korleis de går fram om de vil klaga.

Ein trygg skoledag utan mobbing | Statsforvalteren i Rogaland

 

Meir informasjon finn de på lenkjene:

powerpoint-om-regelverk-mot-mobbing---nynorsk.pptx (live.com)

Mobbing (udir.no)


Det er no opna for bestilling av skulemjølk for skuleåret 2025 - 2026

Skolelyst, mjølkebestilling her


Det er no opna for bestilling av skulefrukt for skuleåret 2025/2026

Skulefrukt, bestilling her


Føresette, elevar og lærarar bidreg aktivt til eit godt miljø viss me forsterkar det positive. Føresette kan gjera dette ved å:

• Leita etter det positive hos eigne og andre sine barn og gje tydelege positive tilbakemeldingar.
• Bli med å slå ned på uønska åtferd. Å ikkje gjere noko, er ei aktiv handling.
• Invitera alle i sosiale settingar for klasse-/gutte-/jentegrupper.
• Sett inkludering høgt! Tenk også på korleis føresette til dei andre elevane i klassen kan bli inkludert.
Klassekontaktane ordnar eit sosialt treff for klassen haust og vår.

FAU Hognestad skule 2024-2025 


Visste du at du kan endre et barns liv?

Og at det ikke trenger å ta mer enn 10 minutter om dagen.

Høytlesning for barn er ikke bare en god arena for språklæring, det bidrar også til å gi barna felles opplevelser, erfaringer, mye glede og masse spenning.

Ser man bort ifra de gode opplevelsene og gleden ved lesing, er kanskje det beste at det ikke trenger å "koste verken en fot eller en arm" - bare 10 minutter om dagen. Det har alle tid til.

Usikker på hvordan du skal komme i gang med lesing i hjemmet? Her er ti tips.

 


Takk for oppmøte på foreldremøte i går.

Fellesdelen av møtet handla om moralsk frakopling. 

Presentasjonen finn de her.


Onsdag 19.februar var det trygg is på Smukken. Takk til føresette og personalet som heiv seg rundt og gjorde det mogleg for elevane å gå på isen. Det blei kjekke timar med leik og moro for både elevar og vaksne.