Meny
Velg seksjon 5.trinn
0. trinn
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn

Alle elevar har rett til eit trygt og god skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring.
Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag.

Om de opplever dykkar barn ikkje har det trygt og godt, vil me at de skal gje beskjed til oss på skulen.
Dette gjeld og om de er usikker på om eleven dykkar har det bra på skulen.

De kan gje beskjed ved å:

· ta kontakt med kontaktlærar via app, mail eller på telefon
· ta kontakt med ein i leiinga ved skulen
· ring skulen på telefon 91863721 (rektor)
· trykk på mobbeknappen på skulen si heimeside (Då går ein mail direkte til rektor)

Når skulen har fått beskjed om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, vil me undersøke saka, vera i dialog med eleven og føresette og følgje opp saka. Dette skal me gjera så raskt som mogleg og innan det har gått ei veke.

Om de opplever at me ikkje gjer nok, eller at ting tar for lang tid når de gjer beskjed, kan de klage til Statsforvaltaren i Rogaland. Ved å følgje lenkja under får de informasjon om korleis de går fram om de vil klaga.

Ein trygg skoledag utan mobbing | Statsforvalteren i Rogaland

 

Meir informasjon finn de på lenkjene:

powerpoint-om-regelverk-mot-mobbing---nynorsk.pptx (live.com)

Mobbing (udir.no)


Det er no opna for bestilling av skulemjølk for skuleåret 2025 - 2026

Skolelyst, mjølkebestilling her


Det er no opna for bestilling av skulefrukt for skuleåret 2025/2026

Skulefrukt, bestilling her


Visste du at du kan endre et barns liv?

Og at det ikke trenger å ta mer enn 10 minutter om dagen.

Høytlesning for barn er ikke bare en god arena for språklæring, det bidrar også til å gi barna felles opplevelser, erfaringer, mye glede og masse spenning.

Ser man bort ifra de gode opplevelsene og gleden ved lesing, er kanskje det beste at det ikke trenger å "koste verken en fot eller en arm" - bare 10 minutter om dagen. Det har alle tid til.

Usikker på hvordan du skal komme i gang med lesing i hjemmet? Her er ti tips.

 


Takk for oppmøte på foreldremøte i går.

Fellesdelen av møtet handla om moralsk frakopling. 

Presentasjonen finn de her.


Refleksdagen vert markert over heile landet. I 2024 blir refleksdagen markert torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamner i ei ulykke.

Elevane vil få utdelt kvar sin refleks i veke 42, før refleksdagen. I år har Nico Widerberg designa refleksar for Trygg Trafikk. Nico har laga refleksar med eit uttrykk som både viser krafta i naturen og den krafta vi menneske skaper samen.

 

Trygg Trafikk  sine beste tips for gode refleksvanar:

- Fest refleks på alle jakkar og sekkar/bagar
- Legg refleksband (slapwrap) oppi skoen, slik at du hugsar å ta det på når du skal gå ut
- Bruk refleks som bevegar seg når du går, då syner du best
- Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
- Heng refleksen i knehøgd eller bruk refleksband på beina

HUGS REFLEKS 17. OKTOBER OG VIDARE I HAUST- OG VINTERMØRKET!


Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov.  
I Time er det utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt Skole som gjeld frå 15. august 2024.

Føresette blir her bede om å gje 3 samtykke: 

1.Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune  

2.Samtykke til å vera med på bilete teke av skulefotograf 

3.Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media  

Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter 20. august.

Dette skuleåret får vi besøk av skulefotograf i starten av september. De vil få meir informasjon om dette etter kvart.

Det blir teke bilete av kvar elev, klassebilete og det blir laga skulekatalog der alle elevane er med.

Hognestad skule ber om at alle føresette går inn og gir samtykke så raskt som mogleg.

De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt skule som de finn til venstre på skulen si heimeside.