Meny
Velg seksjon Framside
Eidevegen 2-4 4187 Ombo
Telefon: 51 71 20 80 Faks: Bhg mobil : 47 79 29 32 Send e-post til oss
Redaktør: Hanna Skartveit
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Endringar i skuletilbodet i streikeperioden

På grunn av opptrapping av streiken f.o.m. onsdag 2. juni, vil det vere endringar i skuletilbodet på Ombo oppvekstsenter framover. 

Kjære foreldre,

Som de kjenner til, er det brot i lønsforhandlingane til lærarane. Dette betyr at organiserte lærarar er inne i ein lovleg streikeperiode og kan bli tatt ut i streik. Marie, Oddny Elin og Hanna har fått varsel om at dei blir tatt ut i streik frå og med onsdag 2. juni. 

Det er strenge regler for kva endringar vi har lov til gjere på skulen, men vi har gjort det vi kan for å behalde skuletilbodet mest mogleg som før. Vi har ikkje lov til å sette inn andre i arbeidsoppgavene til ein tilsett i streik, men vi kan flytte assistentar for å vere saman med elevane.

I hovudsak blir endringane slik:

- Undervisningstimane til Marie og Oddny Elin går ut. Timane til Rasmus, Randi og Frid går som vanleg.

- Elevane vil ha assistent i dei timane som går ut, med unntak av siste delen av torsdag og fredag.

- Torsdag: 08.30 – 11.00 (alle elevane reiser heim med bussen kl. 11.00).

- Fredag: 08.30 – 11.00 (alle elevane reiser heim med bussen kl. 11.00).

- Det vil ikkje vere ordinære lekser i denne perioden for nokon av elevane.

- Barnehage og SFO er ikkje råka av streiken.

Vi vil gå tilbake til ordinær skule så snart streiken er over. Det er viktig at foreldre følger med på skulen sine nettsider og i media for informasjon om dette.

Rektor Hanna er tatt ut i streik og vil ikkje vere tilgjengeleg, med mindre det er eit krisetilfelle.

For viktige meldingar, skule: Kontakt Frid Rørheim, tlf. 48184930.
For meldingar, barnehage og SFO: Kontakt Tove Bergjord, tlf. 45205144.


Mvh.
Hanna