Meny
Velg seksjon Framside
Eidevegen 2-4 4187 Ombo
Telefon: 51 71 20 80 Faks: Bhg mobil : 47 79 29 32 Send e-post til oss
Redaktør: Hanna Skartveit
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Veka som har vore 4/3 -8/3

For ei flott veke me har lagt bak oss, me har starta på vårmånaden og det har begynt å spire i mini drivhusa våre. 

I gruppene våre har me spelt ein del ulike brettspel denne veka, Det har vert memory og bildelotte for nokon, men me har spelt stigespill og ludo me nokon grupper. Når me spelar brettspel så går me gjennom spilleregler for på nokre spel er desse satt, men me blir alltid enige om korleis me finn ut kven som skal starte, triller me ein eller to gonger når me får ein 6 er på terningen osv. Me er bevisste på å fundere og sette spillereglane i førekant, der dei ikke er fastsatt frå før. Dette er med på å lage et positivt miljø samstundes kan me vaksne minne barna på kva me blei einige om i førekant. Brettspill er ein utrolig god læringsarena når det gjelder turtakting, følge satte spilleregler, tal og telling, flytte brikker frem og tilbake men og det å holde seg i spillet, være med sjøl om det ikkje går slik ein ønsker, om ein ikke blei først eller om ein detter ned den lange stigen i stigespill osv.  

Me har fleire dagar denne veka vore ute heile ettermiddagen, hatt fruktmåltidet ute i vårværet. Nå blir det varmare i været så barna treng og ein tyn dress til å kunne ha på seg når me er ute. Det kan nokre dagar bli veldig varmt i vinterdressane. Så fint om dei kan ha begge delar tilgjengeleg i barnehagen. 

Torsdag var dei eldste på Fogn og hadde karneval, me blei tatt imot av heksa Petronella fra kattegatt, me blei ønska inn til ei avdeling som var karnevalspynta med pinjataer, pynt i tak og på vegger og ikkje minst alle dei ulike personlighetene me møtte. Både superhelter, dyr, prinsesser. Alt hva et karneval skal inneholde. Det var taco til lunch som barna hadde bestemt, masse gos lek i gymsalen og ulike pinjata som barna slo hull på og delte innholdet fint og rettferdig. Etterpå var det frukt, ostepopp, popcorn mm. før vi pakket sammen og reiste tilbake til Ombo. 

Fredag hadde Imre med seg egg som han hadde henta hjå onkel, det var både frå høner, unge høner og ender. I samlingstunda såg me og studerte egga, me fant bilder av dei ulike fuglane slik at me kunne sjå kven som legg dei ulike egga. Etter samling blei det pannekakerøre og det beste pannekakene me har hatt til Lunch. På ettermidagen var me ute og når sfo kom var me saman med dei, dei fyrte opp i bålpanna og grilla pølser til fruktmåltidet. 

Neste veke er det barnehagedagen 12/3, då er dykk foreldre invitert på ein kaffikopp, mellom kl 15 - 16. 

Ha ei fin helg