Meny
Velg seksjon Framside
Eidevegen 2-4 4187 Ombo
Telefon: 51 71 20 80 Faks: Bhg mobil : 47 79 29 32 Send e-post til oss
Redaktør: Hanna Skartveit
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Veka 11 - 15/3

Tysdag var det klart for årets barnehagedag. I år var temaet stedet vårt og i forkant av dagen har me snakka om kva type dyr som er å finne på Ombo. Etter ei gjennomgang av dei ulike dyra ville me gjere oss meir kjent med reven. Me fant ein del fakta i to ulike bøker, så fant me ein episode i Ut i naturen. Der fikk me sjå koleis ein kan lokke fram reven. Det var ein som dreiv me d revelokk og han hadde fleire fløyter med ulike dyrelyder som han brukte. To flotte rødrever fekk han lokka fram. Me fekk og sjå ekorn som samla seg mat til vinteren. Ut i naturen er eit fint dyreprogram som ligg på nrk tv. 

Kjekt at dykk foreldre hadde tid til ein kaffekopp på ettermiddagen.

Me har starta med førebuing til påske denne veka, me syng om lille hasse hare som har ei flue på sin panne, og etter tur får barna bestemme kor lille hasse hare har flua osv... Me syng og om en liten kylling i egget lå. 

Finmotoriske aktiviteter har vore i fokus denne veka når me har laga påskepynt, klippe etter strek, lime og plassere fjør og auger. Nokre flotte påskekyllinger er sendt heim og er heilt klar til påske. 

Neste veke skal me ha om kvifor me feirer påske, for det er ikkje bare for å ha påske egg med snop oppi :)   

 

Til info 

Dei ukentlege treffa saman med Fogn går ut foreløpig av ulike årsaker. Me kjem til å ha felles treff innimellom når det er felles turer eller aktiviteter vi skal være med på. Info til slike turer kjem ut når det nærmer seg. 

Torsdager blir det turdag i nærmiljøet her på Ombo.

 

Sjekk hyller for påfyll av skifteklær, strikk under dress og regntøy

Ønsker alle ei riktig god helg

.