Skulen samarbeider med barnehagen for å få ein best mogleg overgang mellom barnehage og skule.
Vedlagt finn du Klepp kommune / skulen sin plan for ovegang barnehage - skule.
Om våren er det eit informasjonsmøte for nye foreldre om skulen, SFO og andre hjelpeinstansar.
I juni er det trekantsamtale. Det er eit overføringsmøte på skulen med kontaktlærar, pedagogisk leiar i barnehage og foreldre.
I mai/juni vil SFO invitere foreldre og born til besøkskveld (VIP-kveld)