Publisert: 17. oktober 2025 | Sist endra: 17. oktober 2025 | Forfatter: Kenneth Gilbert Stevenson
Klassetur til Vitengarden på Nærbø
Onsdag reiste 1. og 2. klasse på ein spanande og lærerik tur til Vitengarden på Nærbø. Målet med turen var å lære meir om poteten – frå jord til bord – og helse på dei ulike dyra som lever der. Både elevar og vaksne hadde gledd seg lenge til denne dagen, og turen blei akkurat så kjekk som mange hadde håpa på.
Dagen starta tidleg med ein fin busstur frå skulen til Nærbø. I bussen var det mykje prat og forventning i lufta. For nokon var dette første gong dei tok buss.
Då vi kom fram til Vitengarden, vart klassane delte inn i tre grupper. Kvar gruppe fekk gå gjennom tre ulike stasjonar, der dei fekk oppleva og læra gjennom å gjera ting sjølve.
På den første stasjonen fekk elevane møte dyra som bur på garden. Dei fekk sjå sauer, grisar, kyr og høner. Mange syntest det var stas å kome tett på dyra, og nokre var så modige at dei torde å halde ei høne.
Den andre stasjonen handla om poteten – dagens hovudtema. Elevane fekk vera med ut på jordet for å ta opp poteter med eigne hender. Det var stor iver blant dei små, og mange oppdaga kor mykje poteter som faktisk gøymer seg under jorda. Dei lærte om korleis poteten veks, kva som skal til for at han skal trivast.
På den tredje stasjonen fekk elevane vaska, delt og steikt potetene som dei hadde teke opp. Det var stas å laga mat av noko ein sjølv hadde vore med å hausta, og lukta av nysteikte poteter spreidde seg raskt i heile området.
Etter stasjonane var det tid for lunsj. Då fekk elevane smaka på dei potetene dei sjølve hadde laga, saman med matpakka si. Det var mange som meinte at desse potetene smakte ekstra godt – kanskje fordi dei hadde vore med på heile prosessen frå jord til bord.
Etter lunsj fekk klassane god tid til å utforska dei mange spanande installasjonane inne på Vitengarden. Der kunne dei leika og lære om naturfag, energi, vatn, vind og teknologi på ein praktisk og leikande måte. Det var mykje latter, aktivitet og ekte læringsglede i lufta.
Dagen gjekk fort, og då bussen kom for å hente oss heim, var det mange trøytte, men svært nøgde barn som fann plassane sine. Det hadde vore ein dag fylt med læring, opplevingar og mykje moro.
Alle dei vaksne som var med på turen var einige om at dette var ein særs kjekk gjeng å reisa på tur med. Elevane viste god oppførsel, hjelpte kvarandre og deltok med glede i alle aktivitetane. Turen til Vitengarden blei ei oppleving som både små og store vil hugse lenge.