Publisert: 18. november 2025 | Sist endra: 18. november 2025 | Forfatter: Kenneth Gilbert Stevenson
Magisk stemning på 4. trinn! ✨
Elevane har vore djupt inne i eit spennande og tverrfagleg prosjekt om Harry Potter-universet, og det har vore både lærerikt, kreativt og fullt av magi.
Prosjektet har gått på tvers av fleire fag. I norsk har vi lese utdrag frå bøkene, skrive eigne tekstar og små forteljingar om kjende karakterar, og funne på eigne magiske formular. Elevane har øvd på å beskrive miljø og personar, og dei har brukt fantasien for alt den er verd. I kunst og handverk har vi laga våre eigne tryllestavar – kvar med namn, eigenskapar og eit personleg preg. Vi har også designa slips i husfargane, teikna og forma vår eiga versjon av ugla Hedvig, og laga kreative illustrasjonar til dei små bøkene våre.
I KRLE har vi snakka om tradisjonar, ritual og symbol – både i Harry Potter-verda og i vår eigen kvardag. Vi har samanlikna korleis magikarane markerer høgtider og gjennomfører ulike ritual, med korleis vi feirar og har tradisjonar i røynda. Dette har gitt elevane ein fin måte å reflektere over kulturar, tru og fellesskap på.
I tillegg har vi laga ID-kort til Galtvort skule, der kvar elev har funne opp sitt eige trollmannsnamn, skrive om eigne eigenskapar og bestemt kva for hus dei høyrer til. ID-korta blei både fantasifulle og personlege, og gav oss endå meir kjensla av å vere ekte elevar på Galtvort!
Gjennom heile prosjektet har vi kombinert lesing, skriving, kunst, refleksjon og samarbeid – og vi har verkeleg fått kjenne på skaparglede og læring på magisk vis. Det har rett og slett vore hekta på Harry Potter på 4. trinn! 🪄🦉✨
Dette seier elevane på 4.trinn om Harry Potter prosjektet:
"Det er kjekt å lære" seier Celina
"Voldemort er min favoritt" seier Victoria
"Eg liker Harry Potter" seier Matinus
"Det var eit gøy å ha prosjekt" seier David
"Det er kjekt å skrive og læra om tema" seier Aron