Publisert: 11. mars 2026 | Sist endra: 11. mars 2026 | Forfatter: Kenneth Gilbert Stevenson

7. trinn på leirskule

Måndag 12. januar sette vi oss i bussen midt i ein snøstorm. Vêret og føret var så dårleg at bussen måtte køyre via Sandnes for å vere sikker på at elevane kom trygt fram til Knaben. I Kvinesdal fekk sjåføren ei pause, og fleire elevar fekk tømma blæra, sikkert prega av gleda og forventningane til leirskulen.

Det låg ikkje mykje snø då vi kom fram, men det påverka ikkje humøret til verken vaksne eller born. Måndagen starta med at elevane fekk tildelt rom, byrja å bruke fasilitetane på Knaben og bli kjend med elevar frå naboskulen Tu, som Orre tradisjonelt reiser saman med.

Denne dagen fekk elevane prøve skiene sine og oppleva ei luftig tur i stormen. Dei kjende verkeleg på naturkreftene då vi gjekk på den snødekte sanden, og vinden gav oss god fart. Måndagen vart ein fin start på leirskulen.

Tysdag starta med at lærarane på Knaben fortalde oss om korleis det er lurt å kle seg når ein går på tur i fjellet. Seinare fekk vi også høyra historia til Knaben. Det var svært interessant, og alle blei overraska over kor mykje som hende på Knaben under andre verdskrigen. Det var framleis mykje vind og snø i lufta denne dagen. Dei vart delte i to grupper: ei gruppe var inne i ein lavvo, der dei lærte om reinsdyr og fekk smaka reinsdyrkjøt, medan den andre gruppa øvde på skiteknikk ute. Alle åt lunsj saman i lavvoen før vi gjekk på ski opp til gruvene på Knaben, der vi fekk ei grundig omvising og såg korleis dei arbeidde i gruvene i gamle dagar.

Onsdag var midt i leirskuleveka. No hadde elevane byrja å få skiteknikk, og langrenn vart difor endå kjekkare. Det var framleis litt snø i lufta, men vinden hadde gitt seg. Denne dagen gjekk vi 5 km, med lunsj og bål etter 2,5 km. På veg tilbake fekk dei som ville prøva isbading. Fleire tøffe elevar frå Orre hoppa ut i det iskalde vatnet.
Torsdag starta med strålande solskin. Denne siste skidagen hadde to løypeval: ein normal lengd og ein lang. På veg opp mot fjelltoppen tok vinden seg opp, og elevane vart nesten snødde fast da dei skulle eta lunsj. Lunsjen vart ete fort for å koma vidare. Dette vart eit minne for livet. Dagen enda med pizza, popcorn, film og discotek. Alle var einige om at leirskuleopphaldet hadde vore ein suksess, med mange opplevingar, utfordringar og nye vennskap.

Siste natta fekk elevane vera oppe så lenge dei ville, men måtte halde seg på romma sine. Denne utfordringa tok dei, og vi vaksne trudde alle sovna rundt to-tida etter ei fysisk krevjande veke. Kor feil kunne me ta? I firetida fekk avdelingsleiar ein telefon frå ein vaksen i hovudbygget. Som ein erfaren sovar var mobilen i sovemodus, så søvnen vart ikkje forstyrra. Neste dag fekk han høyra at det hadde vore løping i gangane på natta – men det høyrer vel med til det å vera på leirskule?

Fredag kom plusgrader og regn. Det passa fint med tanke på heimreisa, men ikkje med tanke på føret. Bussane hadde køyrt opp til Knaben via Tonstad, men vurderte at vegen via Kvinesdal var tryggast heim. På veg frå Knaben var det is og slaps, med regn på toppen. Vi var heldige som hadde erfarne sjåførar til å frakte oss trygt heim. Dei køyrde så behageleg at alle elevane sovna i Kvinesdal, og lærarane fekk ei roleg reise heim. Tilbake på Orre skule venta mange foreldre på trøytte og utslitne born – slik ein leirskule skal vera.