Det norske flagget.
Publisert: 12. mai 2026 | Sist endra: 12. mai 2026 | Forfatter: Kenneth Gilbert Stevenson

hurra hurra!

Skulen sette tradisjonsrikt i gong med øvetog til 17. mai, og tok turen gjennom nabolaget saman med korpset. Fleire flotte naboar var og ute med flagg og øvde saman med oss. Barnehagen stilte som vanleg sterkt opp og var ein god supportergjeng langs vegen. Rektor, iført bunad, og Maria, som eit vandrande flagg, var juryen som skulle kåre det mest entusiastiske trinnet. Kven kjem til å vinne?

I dag var det hurra hurra!, men på søndag vert det HURRA HURRA! 7. trinn er i mål med 17. mai-talen sin, så den kan de glede dykk til å få høyre.

Etter at øvetoget var ferdig, samla alle elevane seg i skulegarden til aktivitetar og is. Det vart bowling, potetløp, stylter, hoppetau og dans. Det er godt med eit avbrot i kvardagen, særleg når det toppast med ein is.