Publisert: 19. august 2026 | Sist endra: 19. august 2026 | Forfatter: Kenneth Gilbert Stevenson

Velkommen til skulestart 2026! 🎒☀️

Det var store smil, litt sommarfuglar i magen og mange forventningsfulle auge då dei møtte opp til sin aller første skuledag.

Flagget var heist til topps, den raude løparen var rulla ut, og sola viste seg frå si aller beste side. Alt låg til rette for ein festleg og minnerik start på skulelivet!

No ventar ein spennande haust med nye vener, leik, læring, opplevingar og mange små og store augeblikk. Vi gler oss til å følgje dei 18 flotte førsteklassingane gjennom deira første år på Orre skule.

Hjarteleg velkomne til Orre skule – vi er så glade for å ha dykk her! ❤️