Dersom barnet ditt er heime frå skulen grunna sjukdom, skal fråværet meldast inn i Min Skole-appen. Det er denne me brukar som «meldingsbok» på Rosseland.
På grunn av aukande sjukefråver blant elevane dei siste åra, må heim og skule samarbeida om å få ned sjukefråveret. dette blei det snakka om på foreldremøta på alle trinn hausten 2025
Det er i hovudsak 3 grunnar for å vera heime frå skulen pga sjukdom
- Barnet har feber og allmenntilstanden er dårleg
- Barnet har oppkast og/eller diaré
- Barnet har ein smittsam sjukdom.
Utover dette er beskjeden: Gå på skulen