Meny
Velg seksjon Framside
Besøksadresse Dronning Mauds gate 3 4345 Bryne Telefon: Sentralbord 51776390 Faks: Fellesmob. SFO 954 94 110 Send e-post til oss
Postadresse Postboks 38 4349 Bryne
Redaktør: Geir Soma, tlf. (+47) 97581636
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Då er skuledagen godt i gang for elevane våre. Eg håpar både barn og foreldre har opplevd skulestarten som god og trygg for barna.
Eit trygt og godt skulemiljø er avgjerande for læring, og består av mange små tiltak.

Eit av desse har med trafikkavvikling å gjera. Det er no etablert ei såkalla "Hjertesone" rundt Rosseland skule. Ei slik sone har to hovudformål:

1. Eit helsemessig perspektiv - barn bør gå eller sykla til skulen, og ikkje bli køyrd. Om foreldre ønskjer å følgja barna til skulen, gjer det til fots!
2. Eit trafikkmessig perspektiv - det skal vera minst mogleg biltrafikk rundt skulen.

For å unngå farleg biltrafikk nær skulen, er det etablert ei "dropsone" ved Tennishallen. Om de likevel vel å køyra; kan de køyra inn, stoppa, setja av barnet og køyra ut igjen. Barna må då gå på fortauet opp mot skulen

Les meir her:Trygg trafikk



Endeleg er ferien snart over og skulen startar opp igjen!

Me gler oss til å ta fatt på eit nytt skuleår, og ønskjer alle elevane velkomne tilbake torsdag 15.august!

2.-7.trinn møter kl. 08.15 på plassen utanfor gymsalen.

Dei nye 1.klassingane byrjar kl. 09.00, og møter opp på same stad.

Det blir vanleg lengd på skuledagen så alle må ha med mat og noko å drikka. Me håpar sjølvsagt på godt sommarvêr, men uansett må elevane ha klede som er tilpassa det vêret me får.

Me minnar og om at SFO er stengt måndag 12. og tysdag 13.august, då personalet har planleggingsdagar.


Bestilling av skulemelk 2024-2025

Time kulturskule har søknadsfrist 1 mai for kulturskuleplass til hausten.

 link til heimesida: Time kulturskule