Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Leirskule på Evjetun

Kvart år har 6.trinn i mange år reist på vinterleirskule til Gullingen leirskule i Suldal.

Frå skuleåret 2022-23 blir det ei endring på dette. Time kommune har gått ut med ein felles anbudsrunde på leirskule for skulane i Time. Den enda opp med at Evjetun leirskule fekk tilslaget. Så frå no av går turen til Evjetun

Valet om at Rosseland skule drar på vinterleirskule er teke på bakgrunn av dei snøfattige og ustabile vintrane på Jæren. Skal elevane få læra seg å gå på ski og ferdast sikkert i vinterfjellet, må me reisa dit snøen er. 

Etter ein runde både i FAU og elevrådet skuleåret 2021-22, blei det opna for at det òg kan vera aktuelt å reisa på leirskule om våren. For skuleåret 2022-23 blir det vinterleirskule i veke 10 og 11 i  2023.                                              Rosseland har 4 klassar på trinnet, men det er diverre berre plass til 2 klassar om gongen på Evjetun.

Elevar som manglar skiutstyr kan låne dette på leirskulen eller på Frilager.no 

Les meir her