Meny
Velg seksjon 6. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Endeleg er ferien snart over og skulen startar opp igjen!

Me gler oss til å ta fatt på eit nytt skuleår, og ønskjer alle elevane velkomne tilbake torsdag 14.august!

2.-7.trinn møter kl. 08.15 på plassen utanfor gymsalen.

Dei nye 1.klassingane byrjar kl. 09.00, og møter opp på same stad.

Det blir vanleg lengd på skuledagen så alle må ha med mat og noko å drikka. Me håpar sjølvsagt på godt sommarvêr, men uansett må elevane ha klede som er tilpassa det vêret me får.

Me minnar og om at SFO er stengt tysdag 12. og onsdag 13.august, då personalet har planleggingsdagar.


Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seia si meining om læring og trivsel i skulen. Svara vert brukt av skulen, kommunen og staten for å gjera skulen betre. 

På Rosseland skule er det 5., 6. og 7. trinn som gjennomfører undersøkinga (veke 49). 


På Rosseland på Bryne legger Time kommune nytt overvannsrør fra Frøylandsvatnet til Arne Garborgs veg, videre til Kong Haakons veg til Dronning Mauds gate. Anleggsstart er august 2021. Etter planen skal arbeidet være fullført i løpet av desember 2022. 

Dette fører til at deler av Kong Haakons veg blir stengt i perioder, med ulike "omkjøringsruter":

Tirsdag 9. november går vi over til ny fase i prosjektet. Vi har lagd en ny fase som heter 5a. Situasjonen er lik fase 5 for beboere innenfor Kvåleveien, mens for de som har adkomst via Norheimsvegen og ved Rosselandstunet, vil det foreløpig bli som nåværende situasjon. Fase 3 vil vi avvente til noe senere, slik at utkjørsel fra Norheimsvegen direkte til Fv506 blir benyttet i kortest mulig periode.

Rundkjøringen ved Essoen vil bli åpnet for normal trafikk tirsdag eller onsdag, unntatt innkjøringen i Kong Haakons veg. Denne vil bli stengt en stund fremover. Omkjøringen bak Kiwi vil være åpen frem til utkjørsel til rundkjøringen kan åpnes fra Kong Haakons veg.

Rosselandsvegen vil bli fysisk stengt ved Rosselandsbanen.
Bommen i Kvålevegen vil bli åpnet.

Se mer info


I ordensreglementet for grunnskulane i Time kommune står det i § 8-8 blant anna at «kvar skule skal ha reglar for bruk av mobiltelefon, utstyr til mobiltelefon og anna elektronisk utstyr i skuletida».

Smartklokker blir stadig meir vanleg blant elevar. På Rosseland skule har me same haldning til smartklokker som til mobiltelefonar. Kommunikasjonshjelpemidler (til dømes mobiltelefon, smartklokker m.m.), skal oppbevarast i sekken og skal ikkje vera i bruk i skuletida. Dette for å sikra uheldig bruk. Me anbefaler å la smartklokker bli liggjande heime. Om dei må vera med på skulen, skal dei liggje avskrudd eller i skolemodus i sekken i skule- og SFO tida. Føresette som treng kontakt med barna i løpet av skuledagen eller SFO-tida, må kontakte skulen eller SFO på eigne telefonnummer. Ta kontakt med leiinga eller SFO-leiinga om de har spørsmål til dette.