Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Rosseland Skule

Rosseland skule er ein 1 – 7 skule, som ligg sentralt i Bryne i Time kommune. Det er 10 skular i kommunen. Skulen ligg i eit etablert bustadområde, men det er òg aukande utbygging i området, og dermed stadig vekst i elevtalet.      Det er kort skuleveg for alle elevane, og dei aller fleste går eller syklar til skulen. Skuleåret 2023-24 har me 560 elevar, og 75 tilsette i skule og SFO.  

Skulen starta opp i 1979. Det opprinnelege skulebygget var av enkel kvalitet, og etterkvart blei bygget så dårleg at det blei rive. 

Hausten 2010 flytta me difor inn i heilt nytt skulebygg, som er godt utstyrt, med m.a. digitale tavler i alle klasserom. Skulen er bygd som ein baseskule med 3 klasserom, fleire grupperom, og arbeidsrom og møterom for lærarane på kvar base. Trinna skifter base kvart år. Jamn auke i elevtalet over fleire år har ført til at det no er 4 parallellar på kvart trinn, og dermed har baseinndelinga gått litt i "stå".

Alle elevar og tilsette har lærebrett (iPad), og me brukar ulike læringsverktøy og læringsarenaer i skulekvardagen.

Hausten 2017 blei 7.trinn flytta til klasserom i den nærliggjande Timehallen. I løpet av 2018 blei det bestemt at det gamle bygget til Time vidaregående skule, som var nabobygget vårt, skulle pussast opp og husa både 6. og 7.trinn frå hausten 2018. Dette bygget er no ein integrert del av Rosseland skule, og er blitt til D-bygget. Tvers overfor D-bygget er Time kommune i gang med å byggja ny dobbel idrettshall. Det gamle verkstadbygget til Time vidaeregåande er blitt rive, og byggjegropa er gravd ut. Me reknar med at den nye idrettshallen vil vera ferdig våren 2024, og at uteområdet mellom D og A-bygget med m.a. ein ny kunstgrasbane (9-arbane) vil vera klart til skulestart i august 2024.

Hausten 2012 blei skulen med i det såkalla «Trivselsleder-programmet» som har fokus på fysisk aktivitet med organiserte aktivitetar i skulegarden i storfriminuttet. Elevar blir nominerte av medelevar som trivselsleiar, og får opplæring i å leia aktivitetane. Dette er eit viktig tiltak for skulen. Har elevane positive aktivitetar å driva på med i friminutta, trur me det vil bli mindre mobbing. Me har fått mange positive innspel på dette tiltaket både frå elevar, foreldre og tilsette. Det er FAU som finansierer den årlege avgifta på kr. 16.000 for å delta i programmet. Det set skulen stor pris på, og det viser og at foreldra er engasjerte i å skapa eit best mogleg skulemiljø!