Godt nytt år alle saman!
Ein lang juleferie er no over, og klassane startar i utgangspunktet opp til det tidspunktet dei har starta heile hausten.
Regjeringa hadde pressekonferanse sundag 3.januar, med kraftige innstrammingar i smittevernreglane. I utgangspunktet gjeld ikkje dette barneskulane og barnehagane, som framleis er på GULT nivå.
Kriseleiinga i kommunen har hatt møte i kveld, men det har ikkje kome lokale føringar ut over dette for barneskulane
Alle elevar møter difor til vanleg tid måndag 4.januar, og stiller opp på vanleg oppstillingsplass.