Meny
Velg seksjon Framside
Vedlegg
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Bruk av læringsbrett

I Timeskulen bruker me lærebrett som verktøy for læring. Dette betyr at kvar elev får tildelt ein iPad med tastatur som dei skal bruka som sitt arbeidsverktøy i opplæringa på skulen, og i arbeid med leksene heime. Som del av at kvar elev får ein iPad til utlån er det utforma kriterium som elevane må forhalda seg til. 

Oppsett av Apple-ID og innhald på iPaden vert administrert av kommunen. Elevane skal bruka passord for å opna iPaden. Office 365 vert nytta som arbeidsplattform. IPaden er knytta til trådlaust nettverk i kommunen som er regulert med tanke på innhald. 

Med bruk og tilgang på teknologi medfører det kritisk tenking og ansvar. Skulane jobbar aktivt og kontinuerleg med dette temaet.

Nyttige nettsider:

http://www.dubestemmer.no/

http://www.iktplan.no/

Bruk av smartklokker

I ordensreglementet for grunnskulane i Time kommune står det i § 8-8 blant anna at «kvar skule skal ha reglar for bruk av mobiltelefon, utstyr til mobiltelefon og anna elektronisk utstyr i skuletida».Smartklokker blir stadig meir vanleg blant elevar. På Rosseland skule har me same haldning til smartklokker som til mobiltelefonar. Kommunikasjonshjelpemidler (til dømes mobiltelefon, smartklokker m.m.), skal oppbevarast i sekken og skal ikkje vera i bruk i  skuletida. Dette for å sikra uheldig bruk. Me anbefaler å la smartklokker bli liggjande heime. Om dei må vera med på skulen, skal dei liggje avskrudd i sekken i skule-og SFO tida. Føresette som treng kontakt med barna i løpet av skuledagen eller SFO-tida, må kontakte skulen eller SFO på eigne telefonnummer. Ta kontakt med leiinga eller SFO-leiinga om de har spørsmål til dette.