Meny
Velg seksjon 5. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

No skal vi kartleggje folkehelsa i Rogaland   For første gong skal vi gjennomføre ei folkehelseundersøking i Rogaland. Undersøkinga vil gje viktig informasjon om trivsel, velferd og helse hjå rogalendingane, og er eit samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI).

  – Berre rogalendingane sjølv kan fortelje noko om korleis det er å bu og leve i Rogaland. Svara vi får i denne undersøkinga blir ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for all samfunnsplanlegging i fylket vårt i åra som kjem.

Det er difor viktig at så mange som mogleg svarer. Målet vårt er at meir enn halvparten av dei som blir direkte invitert deltar. Då blir vi det beste fylket i landet, seier Marianne Chesak, fylkesordførar i Rogaland fylkeskommune.   Folkehelseundersøkinga startar måndag 14. september og varer i tre veker.


No er me godt i gang med eit nytt skuleår, og alle er glade for at me har lite smitte i regionen. Dette medfører at me i utgangspunktet kan ha tilnærma vanleg skulekvardag.  Det er frå statleg hald utarbeidd ein trafikklysmodell som gjev utfyllande informasjon om kva tiltak som skal setjast i verk alt etter om ein er på grønt, gult eller rødt nivå.

 


Me får mange spørsmål om når eleven kan koma på skulen ved vanlig forkjøling og hoste. Me held oss til smitteveilederen for barneskulen som ligg på udir.no. Veilederen er utgitt av Helsedirektoratet.

Har du symptom på forkjøling; hoste, sår hals, snue, skal du ikkje møte på skulen – anten du har feber eller ei.


Første skuledag begynner elevane til den tida som er oppgitt i artikkelen under. Dei andre dagane begynner elevane til desse tidene: