Meny
Velg seksjon FAU
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Regjeringa har kome med ei nasjonal tilråding om mobilfrie klasserom på alle nivå. Dette fører til at det må gjennomførast ein prosess på alle skulane for å gjera endringar i ordensreglementet

Orientering og innspel på både kommunale og lokale reglar for mobilfri skule 
Elevrådet innan 22.03
Tilsette 20.2 (PU-tid) og 04.03.24 (SFO-møte) 
FAU har møte 07.03.24, og gir innspel på vegne av foreldra
Utdanningsforbundet og andre aktuelle arbeidstakar-organisasjonar gir innspel på vegne av dei tilsette

2.Innspel frå alle partar må vera sendt til rektor innan 22.03.24. Rektor samlar innspela og gjev tilbakemelding til oppvekst innan 26.mars på dei kommunale ordensreglane. 
3. Endra kommunalt ordensreglement vert sendt ut på høyring 29.mars med frist for innspel 19.april 2024. Høyringsinstansar er SU, elevråd, UDF, Fagforbundet. 
4. Dei lokale ordensreglane for Rosseland skule skule blir fastsett i SU 18.04.24 på bakgrunn av dei kommunale.

Oppvekstavdelinga sender ut endeleg forslag til høyring  29.mars,

SU får orientering før møtet 18.04, der lokale forskrifter skal fastsetjast.


 Vi henviser til alle referat som ligg tilgjengeleg for alle på heimesida til skulen.I tillegg til dette vil vi gje ein liten statusrapport:

Skulebruksplanen vart sendt på høyring til fleire organ i Time Kommunen i slutten av august. Planen skisserte 2 alternative rettleiande grenser for ungdomsskulane i Time (Vardheia og Bryne). Begge alternativ medførte små og lite robuste elevgrupper frå Rosseland til den eine av ungdomsskulane. Samtidig ville den andre skulen bli så full at det ville vere ein reell risiko for at det kunne hindre fritt skuleval til den skulen.

Rådmannen si innstilling var alternativ 1, som var det klart mest sårbare for Rosseland sin del.  Vi i FAU svarte på høyringsutkastet og kommuniserte at vi ikkje ville støtte verken alternativ 1 eller 2. Utgangspunktet for FAU (ref referat) har vore å sikre robuste elevgrupper til begge skular, og samtidig sikre at begge skulane har tilstrekkeleg kapasitet til å ta inn elevar via fritt skulevalg. 

FAU sitt innspill om å inkludere heile Rosselandkrinsen på Bryne Ungdomsskule blei avvist som eit reelt alternativ av mange årsaker, bla manglende kapasitet på Bryne ungdomsskule i perioden. Så vårt fokus har vore å sikre robuste grupper til kvar av skulane innanfor dei rammene som er. Vi har lagt til grunn at begge skular er tilnærma likestilte når det kjem til avstand og begge skular held god kvalitet.

FAU foreslo ifm høyring eit område som kunne gje ei bedre fordeling (alternativ 3). I etterkant av høyringsinnspel har FAU gjennomført manuell telling av alle elevar på Rosseland skule. Vi har plotta inn på kartet og fått opp reell fordeling av elevar på dei to skulane for perioden 2021-2027. Med denne innsikta såg vi at alternativ 3 gav ubalanse på enkelte trinn. Henviser til referat frå møtet FAU hadde med formannskapet 14.oktober for meir detaljer. 

I etterkant av møtet med formannskapet har FAU jobba vidare med den manuelle tellinga og kome opp med eit alternativ 2B som gjev jamne og gode grupper til begge skulane så langt vi kan sjå (altså fram til 2027). De ser av graf og kart under korleis dette fordeler seg. Det blå området er opprinneleg alternativ 2 frå skulebruksplanen, alternativ 2B tek også med seg området innanfor det raude. Formannskapet støtta enstemming dette i sitt møte 20.oktober. Saka blir endeleg avgjort i kommunestyret.

Det er viktig å nemne at skulegrensene er rettleiande. Det er fritt skulevalg så lenge det er plass på skulane og med dette forslaget har vi fått styrka denne moglegheita. 

 

 

 


Sosiale media er komne for å bli, men korleis skal me læra barna våre å bruka desse på rett måte? Det er angitt aldersgrenser for bruk, men desse blir ikkje alltid etterfulgt. Omgang på sosiale media er ofte ei stor utfordring, og grip djupt inn i kvardagen. Me opplever at ein del elevar brukar desse media på ein måte som ikkje byggjer positivitet og inkludering, heller det motsette. I tillegg er det mange som ikkje har nådd aldersgrensa som er anbefalt på dei ulike programma.