Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Elevpermisjonar og fråvær

Visma Flyt Skole er ei nettbasert løysing der skulane i Time kommune legg inn informasjon om elevane. Føresette har tilgang til dette programmet og kan følgja med på eigen elev.

Som føresette søkjer de her permisjon frå skulen for dykkar barn. Lærarane fører fråvær, anmerkningar og vurderingar i Visma Flyt Skule. For å få logga inn i Visma Flyt Skule må de logga dykk inn med ID-porten (sikker innlogging offentlege tenester). 

Skal du søkja permisjon frå opplæringa kan kontaktlærar gje fri inntil 2 dagar

Er permisjonen utover 2 dagar må det søkjast permisjon til rektor (sjå Opplæringslova under). Dette gjer du ved å logga deg inn på Visma Flyt Skule

Frå Opplæringslova:§ 2-11: «Permisjon frå den pliktige opplæringa."Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute."