Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulen i gong for fullt!

Bilete frå gjengen i D-bygget

Etter at 4.trinn har fått låna D-bygget i eit par veker, kom i går elevane på 6.-7.trinn tilbake igjen. Dei har vore heime og hatt fjernundervisning sidan fredag 13.mars.
Elevane møtte med store smil, reine hender og fulle skulesekkar. Mykje var annleis her i D-bygget. Det første som møtte dei var ulik oppstartstid og tre ulike inngangar. Den første dagen gjekk for det meste til å gå gjennom alle nye rutinar kring oppstilling, avstand, håndvask osv. Til og med på toaletta såg ting annleis ut! Det blei sagt i skulegården etter endt undervisning at dei hadde ikkje akkurat lært så mykje fagleg denne dagen. 
Me som er tilsette på Rosseland er veldig glade for at me no har fått elevane tilbake igjen. Me har hatt eit digitalt løft, og vil arbeida vidare i personalet kring vidareutvikling av vår praksis. Mykje av det me no har gjort og erfart i korona-tida kan me ta med vidare inn i undervisninga i klasseromma framover. 

Main Image
Bilete 1 av 11